Bergensligaen

Bergensligaen

Bergensligaen vart starta opp 10. september 2003 av dei lokale bordhockeylegendene Trond Selseng og Bjørn Hagerup Røken. Ligaen vart raskt landets største, og samlar i 2013 om lag 15 deltakarar kvar torsdag i seminarrom E på Studentsenteret i Bergen. Ligaen har mellom andre fostra Noregsmeister frå 2012 Stian Østrem og mangeårig Noregsmeister for kvinner, Anne Grete Gangsøy, og er kjend for eit inkluderande og sosialt miljø.

Er du ein habil høgtidsspelar? Taper du for kammeraten din kvar gong du er på besøk? Kjenner du det kriblar i fingrane etter noko konstruktivt å ta deg til? Eller vil du berre gå inn i historiebøkene som ein av Noreg,eller kanskje Verdas beste bordhockeyspelarar? Møt opp på seminarrom E klokka 18:00 ein torsdag, og ta med deg eit par vener.

Sted: Studentsenteret, Seminarrom E
Når: Kvar torsdag klokka 18:00
Kontigent: Gratis dei dei fyrste 5 gongane. Elles 250 kr i semesteret (100 kr rabatt for studentar og juniorar)
Kontaktperson
Arne Johannes Holmin 995 78 035

Additional information