2014.05.28, Bergensliga Spring 2014 nr 20

Fra Puckwiki
Hopp til: navigasjon, søk

Bergensliga Spring 2014 # 20 28.05.2014

Tabell Gruppespill


Pl Navn K S U T MS MI +/- P
1. Espen Eidsnes, Minde Muthapuckers 12 8 2 2 49 17 32 18
2. Trond Gangsoy, BSI Bordhockey 12 8 1 3 43 31 12 17
3. Hans Christian Lonne, Stigarevolusjonen 12 7 3 2 32 22 10 17
4. Arne Johannes Holmin, Stigarevolusjonen 12 7 0 5 30 31 -1 14
5. Svein Arne Fure, Minde Muthapuckers 12 2 3 7 20 31 -11 7
6. Morten Aarflot, BSI Bordhockey 12 2 2 8 20 46 -26 6
7. Darko Mrdalj, Minde Muthapuckers 12 2 1 9 24 40 -16 5


Resultater Gruppespill runde 1


Arne Johannes Holmin - Svein Arne Fure 5-2

Arne Johannes Holmin - Trond Gangsoy 0-4

Arne Johannes Holmin - Espen Eidsnes 2-1

Arne Johannes Holmin - Darko Mrdalj 3-1

Arne Johannes Holmin - Morten Aarflot 4-1

Arne Johannes Holmin - Hans Christian Lonne 3-2


Espen Eidsnes - Morten Aarflot 12-0 (4 min 15 sek)

Espen Eidsnes - Hans Christian Lonne 1-1

Espen Eidsnes - Arne Johannes Holmin 1-2

Espen Eidsnes - Svein Arne Fure 3-1

Espen Eidsnes - Trond Gangsoy 3-0

Espen Eidsnes - Darko Mrdalj 6-1


Hans Christian Lonne - Trond Gangsoy 4-2

Hans Christian Lonne - Espen Eidsnes 1-1

Hans Christian Lonne - Darko Mrdalj 3-1

Hans Christian Lonne - Morten Aarflot 4-2

Hans Christian Lonne - Arne Johannes Holmin 2-3

Hans Christian Lonne - Svein Arne Fure 3-3


Trond Gangsoy - Hans Christian Lonne 2-4

Trond Gangsoy - Arne Johannes Holmin 4-0

Trond Gangsoy - Svein Arne Fure 2-1

Trond Gangsoy - Espen Eidsnes 0-3

Trond Gangsoy - Darko Mrdalj 3-6

Trond Gangsoy - Morten Aarflot 7-2


Morten Aarflot - Espen Eidsnes 0-12 (4 min 15 sek)

Morten Aarflot - Darko Mrdalj 4-2

Morten Aarflot - Hans Christian Lonne 2-4

Morten Aarflot - Arne Johannes Holmin 1-4

Morten Aarflot - Svein Arne Fure 1-1

Morten Aarflot - Trond Gangsoy 2-7


Svein Arne Fure - Arne Johannes Holmin 2-5

Svein Arne Fure - Trond Gangsoy 1-2

Svein Arne Fure - Espen Eidsnes 1-3

Svein Arne Fure - Darko Mrdalj 1-1

Svein Arne Fure - Morten Aarflot 1-1

Svein Arne Fure - Hans Christian Lonne 3-3


Darko Mrdalj - Morten Aarflot 2-4

Darko Mrdalj - Hans Christian Lonne 1-3

Darko Mrdalj - Arne Johannes Holmin 1-3

Darko Mrdalj - Svein Arne Fure 1-1

Darko Mrdalj - Trond Gangsoy 6-3

Darko Mrdalj - Espen Eidsnes 1-6


Tabell Gruppespill runde 1


Pl Navn K S U T MS MI +/- P
1. Arne Johannes Holmin, Stigarevolusjonen 6 5 0 1 17 11 6 10
2. Espen Eidsnes, Minde Muthapuckers 6 4 1 1 26 5 21 9
3. Hans Christian Lonne, Stigarevolusjonen 6 3 2 1 17 12 5 8
4. Trond Gangsoy, BSI Bordhockey 6 3 0 3 18 16 2 6
5. Morten Aarflot, BSI Bordhockey 6 1 1 4 10 30 -20 3
6. Svein Arne Fure, Minde Muthapuckers 6 0 3 3 9 15 -6 3
7. Darko Mrdalj, Minde Muthapuckers 6 1 1 4 12 20 -8 3


Resultater Gruppespill runde 2


Arne Johannes Holmin - Svein Arne Fure 1-5

Arne Johannes Holmin - Trond Gangsoy 2-3

Arne Johannes Holmin - Espen Eidsnes 2-7

Arne Johannes Holmin - Darko Mrdalj 4-2

Arne Johannes Holmin - Morten Aarflot 3-1

Arne Johannes Holmin - Hans Christian Lonne 1-2


Espen Eidsnes - Morten Aarflot 2-2

Espen Eidsnes - Hans Christian Lonne 2-0

Espen Eidsnes - Arne Johannes Holmin 7-2

Espen Eidsnes - Svein Arne Fure 5-1

Espen Eidsnes - Trond Gangsoy 3-5

Espen Eidsnes - Darko Mrdalj 4-2


Hans Christian Lonne - Trond Gangsoy 4-4

Hans Christian Lonne - Espen Eidsnes 0-2

Hans Christian Lonne - Darko Mrdalj 4-2

Hans Christian Lonne - Morten Aarflot 3-0

Hans Christian Lonne - Arne Johannes Holmin 2-1

Hans Christian Lonne - Svein Arne Fure 2-1


Trond Gangsoy - Hans Christian Lonne 4-4

Trond Gangsoy - Arne Johannes Holmin 3-2

Trond Gangsoy - Svein Arne Fure 4-2

Trond Gangsoy - Espen Eidsnes 5-3

Trond Gangsoy - Darko Mrdalj 3-2

Trond Gangsoy - Morten Aarflot 6-2


Morten Aarflot - Espen Eidsnes 2-2

Morten Aarflot - Darko Mrdalj 5-0

Morten Aarflot - Hans Christian Lonne 0-3

Morten Aarflot - Arne Johannes Holmin 1-3

Morten Aarflot - Svein Arne Fure 0-2

Morten Aarflot - Trond Gangsoy 2-6


Svein Arne Fure - Arne Johannes Holmin 5-1

Svein Arne Fure - Trond Gangsoy 2-4

Svein Arne Fure - Espen Eidsnes 1-5

Svein Arne Fure - Darko Mrdalj 0-4

Svein Arne Fure - Morten Aarflot 2-0

Svein Arne Fure - Hans Christian Lonne 1-2


Darko Mrdalj - Morten Aarflot 0-5

Darko Mrdalj - Hans Christian Lonne 2-4

Darko Mrdalj - Arne Johannes Holmin 2-4

Darko Mrdalj - Svein Arne Fure 4-0

Darko Mrdalj - Trond Gangsoy 2-3

Darko Mrdalj - Espen Eidsnes 2-4




Tabell Kamp om 5. plass


Pl Navn K S U T MS MI +/- P
1. Svein Arne Fure, Minde Muthapuckers 4 3 0 1 11 2 9 6
2. Darko Mrdalj, Minde Muthapuckers 4 3 0 1 7 4 3 6
3. Morten Aarflot, BSI Bordhockey 4 0 0 4 1 13 -12 0


Resultater Kamp om 5. plass runde 1


Svein Arne Fure - Darko Mrdalj 2-0

Svein Arne Fure - Morten Aarflot 3-0


Darko Mrdalj - Svein Arne Fure 0-2

Darko Mrdalj - Morten Aarflot 2-0


Morten Aarflot - Svein Arne Fure 0-3

Morten Aarflot - Darko Mrdalj 0-2


Tabell Kamp om 5. plass runde 1


Pl Navn K S U T MS MI +/- P
1. Svein Arne Fure, Minde Muthapuckers 2 2 0 0 5 0 5 4
2. Darko Mrdalj, Minde Muthapuckers 2 1 0 1 2 2 0 2
3. Morten Aarflot, BSI Bordhockey 2 0 0 2 0 5 -5 0


Resultater Kamp om 5. plass runde 2


Svein Arne Fure - Darko Mrdalj 1-2

Svein Arne Fure - Morten Aarflot 5-0


Darko Mrdalj - Svein Arne Fure 2-1

Darko Mrdalj - Morten Aarflot 3-1


Morten Aarflot - Svein Arne Fure 0-5

Morten Aarflot - Darko Mrdalj 1-3




Sluttspill


Kvartfinaler:

Espen Eidsnes - W.O.

Hans Christian Lonne - Darko Mrdalj 3-0 (5-2,1-0,3-2)

Trond Gangsoy - Morten Aarflot 3-2 (1-3,4-1,3-0,2-3s,7-0)

Arne Johannes Holmin - Svein Arne Fure 3-1 (0-4,5-3,2-1,3-2s)


Semifinaler:

Espen Eidsnes - Arne Johannes Holmin 1-3 (1-5,0-3,6-3,1-2)

Hans Christian Lonne - Trond Gangsoy 0-3 (1-3,1-2,3-7)


Finale:

Trond Gangsoy - Arne Johannes Holmin 2-3 (5-3,4-6,5-3,1-2,3-4)


Bronsefinale:

Espen Eidsnes - Hans Christian Lonne 2-3 (3-1,1-2,4-1,2-3s,2-4)




7. Morten Aarflot: For ei veke sidan ville ein siger i best av fem til Morten Aarflot over Trond Ove Gangsøy ha gjeve ein odds på 1.0006 (mot 1667 for tap), utan kommisjon til tippeselskapet. Denne oddsen er rekna ut av statistikkansvarleg i NBA og Bergensligaen, Holmin, basert på ei normalfordeling av målskilnad i gruppespelkampar mellom Aarflot og Trond Ove, der forventinga er estimert som gjennomsnittet av den predikerte neste verdien i trenden modellert med ei spline glatting, og gjennomsnittet av dei 20 siste verdiane. Standardavviket er estimert utfrå dei 20 siste verdiane etter at trenden er trekt frå. Dette gjev sannsyna (0.0325, 0.0640, 0.9034) med oddsa (30.7, 15.6, 1.11) for (H, U, B) i einskildkampar. Dersom ein gjeng ut frå at dei same sannsyna gjeld òg i sudden death, vil sannsyna (0.0348, 0.9652) med oddsa (28.76, 1.04) gjelda for (H, B) i sluttspelkampar (normaliserte sannsyn for H og B). Det er 10 måtar Aarflot kan vinna 3-2 på, 4 måtar han kan vinna 3-1 på, og 1 måte han kan vinna 3-0 på. Summerar ein sannsyna for desse utfalla, vert sannsynet for at han vinner kvartfinalen mot Trond Ove i best av 5 kampar fylgjande:

10 * 0.0348^3 * 0.9652^2 + 4 * 0.0348^3 * 0.9652 + 1 * 0.0348^3 = 0.0006.

Oppsummert har me sannsyna (0.0006, 0.9994) med oddsa (1667, 1.0006) for (H, B) i kvartfinalen.

Uvitande om desse utrekningane meinte Trond Ove at oddsen for Aarflot-siger måtte vera 1.001, noko som sedd i lys av dei meir nøyaktige sannsyna må seiast å ha vore ein generøs og oppmuntrande gest frå Trond Ove til Aarflot. Fure sa det slik at "sett 1000 kroner på Trond Ove og vinne ei krone, ... gitt at Trond Ove vinner", men møtte hovudrysting for delen som handla om "gitt at ...".

Sjokket var difor ekstremt, eller kanskje av galaktiske proposjonar, då Aarflot gjekk opp til 2-1 med under minuttet att av fyrste kvartfinalekamp. Holmin, som sjølv var i ein knallhard fyrste kamp mot Fure, slutta etterkvart heilt å spela åtaksspel, stilte seg i passiv boks, og fylgde 100 prosent med på dramaet på grannebrettet. Då Aarflot gjekk opp til ufattelege 3-1, søkte Eidsnes, som hadde WO i kvartfinalen, dekning bak Fure og ein stol, vel vitande om mantraet som Trond Ove har messa i spelelokalet sidan Aarflot kom attende til Bergen. "Du kommer aldri til å slå me, Mortn". Skulle verkeleg 30.7 i odds slå til? Skulle San Marino få sin fyrste siger mot Italia?

Sluttsignalet gjekk, og det stod 3-1 til Aarflot. Men kampen var ikkje over endå.

Før fyrste kamp hadde Aarflot kommentert at brettet ikkje var teipa fast i bordet. Og det var her Trond Ove gjorde sin fyrste, katastrofale feil i kvartfinalen. Han svarte bråkjekt at "det e bare du som spilla så hardt at brette flytta på se, Mortn". Aarflot måtte difor, utan hjelp frå motspelaren, bruka eit halvminutt av kampen til å teipa fast brettet skikkeleg, utan at det hjelpte nemneverdig sidan Aarflot sin brutale spelestil fekk brettet til å hoppa og dansa på bordet som om det var ei turnering i Berlin eller Brønderslev og ikkje ein Bergensliga.

Dette passa den sitjande kjempen frå Spjelkavik dårleg. Etter kampslutt kravde Trond Ove 45 sekund ekstra speletid, noko han fekk. Og dette var Trond Ove sin andre taktiske feil i dette oppgjeret. Audmjukinga var nerast total då Aarflot styrte kampen fullstendig i den tillagde tida, og konfortabelt vann 3-1 i fyrste kamp. Heldigvis for Trond Ove fekk han redda litt av æra med ei medium kraftig utskjelling av Morten sin spelstil etter tapet, og dette såg ut til å ha god effekt i dei neste to kampane.

"Kom igjen, Morten. Du he vunne ein av tre kampar. Det er fullt mogleg å vinne to på rad!". Både Eidsnes og Holmin prøvde å piska den ustabile spelaren til kvalitet i fjerde kamp, i von om å få sjå fleire lottorekkjer tikka inn. Gleda, blanda med sjokk og vantru, var difor stor då 15.6-oddsaren gjekk inn i kamp fire. 2-2, og heile Bergensligaen samla seg rundt det ledalause brettet i von om meir magi frå Aarflot. Og for ei avslutning frå mannen frå Randaberg. Venstreskyffel i neraste hjørne med kølletreff, og brått var ikkje det formelt korrekte vilkåret i Fure sin tidlegare siterte kommentar so urealistisk likevel.

Etter at Morten hadde gått heim, skuffa som ein snøplog etter ein mild vinter, med 1-13 i målskilnad med seg heim frå det doble gruppeseplet om 5. plassen, var det den mentale styrken Trond Ove drog fram som avgjerande i 7-0 sigeren i femte og siste kamp. Aarflot visste at utskjellinga som ville ha funne stad etter ein eventuell siger ville ha vore so "ekstremt smertefull" at han ikkje torde anna enn å leggja segg trygge 7 mål bak. Det sjokkerande med dette er at det plasserar Aarflot i same bås som Eidsnes, Damespiller'n, og andre som Trond Ove har funne det tryggjast å nytta av sitt breide taktiske register for å slå.

Oppdatert med resultata frå runde har sannsyna for (H, B) i best av fem Aarflot-Trond Ove endra seg til (0.06, 0.94) med odds (16.8, 1.06), denne gongen basert på sluttspelresultata, som vart heile fem kampar fleire under Bergensliga nr 20 vår 2014.

6. Darko Mrdalj: Er langt i frå i toppslag, noko 0-5 mot Morten Aarflot viser. Og dette av mannen som sende ligaleiaren ned i B på førre liga.

5. Svein Arne Fure: Fure skal til VM, og har starta turneringshockeyoppkøyringa med fokus på solid spelestil og minimering av puckmist. Noko imponerande utslag gjorde ikkje dette på tabbelplasseringa i grunnspelet, og det er ikkje umogleg at han heller burde trena inn litt tempo før møtet med russiske hyperaktive tenåringar.

4. Espen Eidsnes: Eidsnes presenerte etter førre runde sin plan for eit nytt liv, både på hockeybrettet og generelt. Han hadde obsrevert (og mange andre hadde hatt glede av) at han vart ein mindre effektiv bordhockeyspelar når ha vart hissig. Difor skulle han slutta å hissa seg opp over motgang på brettet, og elles i livet. Denne runda var det ikkje berre Eidsnes sjølv som ikkje heilt klarte å leva opp til sin nye regel etter eit surt bronsefinaletap for HC, men òg hans Serbiske klubbkompis, som underpresterte i takt med mangel på perlehumør. For øvrig sette Eidsnes ny personleg rekord i Bergensligasamanheng med 12-0 mot Aarflot, og det kunne vore meir hadde ikkje Aarflot gått frå brettet 45 sekund før slutt.

3. Hans Christian Lonne: 3, 5, 9, og 3 er dei fire siste plasseringane HC har prestert i avsluttinga av Bergensligasesongen vår 2014. Det er to ordinære ligarunder og eitt KM att i sesongen, og skal HC ha sjanse på ligagull må han helst vinna to av desse. Og då kan han ikkje tapa tre strake kampar mot ein sitjande spelar frå Spjelkavik.

2. Trond Gangsoy: Sjå Morten Aarflot.

1. Arne Johannes Holmin: Årets prestasjon i Bergensligaen i år må vera å gå frå 10. plass til 1. plass på under ei veke. Med nye brett var det langt meir som stemte for ligaleiaren, sjølv om senterfintene framleis var av slett kvalitet. Fylgjer sitt eige råd og satsar på tempo for å verta fire gonger so raskt god. Skårar på ein Fakie Keeperångel, som Fure nektar for var planlagd. Misser neste liga.