2015.11.12, Bergensliga Autumn 2015 nr 13

Fra Puckwiki
Hopp til: navigasjon, søk



Tabell Gruppespill

Pl Navn K S U T MS MI +/- P
1. Hans Christian Lonne, Stigarevolusjonen 8 6 1 1 34 22 12 13
2. Espen Eidsnes, Minde Muthapuckers 8 5 2 1 27 16 11 12
3. Arne Johannes Holmin, Stigarevolusjonen 8 4 1 3 31 25 6 9
4. Trond Gangsoy, BSI Bordhockey 8 4 0 4 31 26 5 8
5. Henning Tvedten, BHK Graaveir 8 2 3 3 16 18 -2 7
6. Svein Arne Fure, Minde Muthapuckers 8 3 1 4 20 24 -4 7
7. Tom S Kosmo, Isotop BHK 8 2 2 4 25 34 -9 6
8. Darko Mrdalj, Minde Muthapuckers 8 2 1 5 18 26 -8 5
9. Vegard Flatoy, Minde Muthapuckers 8 2 1 5 18 29 -11 5

Resultater Gruppespill


Vegard Flatoy - Darko Mrdalj 3-4

Vegard Flatoy - Hans Christian Lonne 0-6

Vegard Flatoy - Svein Arne Fure 5-2

Vegard Flatoy - Espen Eidsnes 3-5

Vegard Flatoy - Henning Tvedten 3-0

Vegard Flatoy - Arne Johannes Holmin 0-6

Vegard Flatoy - Tom S Kosmo 2-2

Vegard Flatoy - Trond Gangsoy 2-4


Espen Eidsnes - Arne Johannes Holmin 5-0

Espen Eidsnes - Tom S Kosmo 5-3

Espen Eidsnes - Trond Gangsoy 0-3

Espen Eidsnes - Vegard Flatoy 5-3

Espen Eidsnes - Darko Mrdalj 3-1

Espen Eidsnes - Hans Christian Lonne 2-2

Espen Eidsnes - Svein Arne Fure 2-2

Espen Eidsnes - Henning Tvedten 5-2


Trond Gangsoy - Hans Christian Lonne 8-4

Trond Gangsoy - Svein Arne Fure 2-4

Trond Gangsoy - Espen Eidsnes 3-0

Trond Gangsoy - Henning Tvedten 1-4

Trond Gangsoy - Arne Johannes Holmin 1-5

Trond Gangsoy - Tom S Kosmo 8-2

Trond Gangsoy - Vegard Flatoy 4-2

Trond Gangsoy - Darko Mrdalj 4-5


Svein Arne Fure - Tom S Kosmo 4-2

Svein Arne Fure - Trond Gangsoy 4-2

Svein Arne Fure - Vegard Flatoy 2-5

Svein Arne Fure - Darko Mrdalj 3-1

Svein Arne Fure - Hans Christian Lonne 1-3

Svein Arne Fure - Espen Eidsnes 2-2

Svein Arne Fure - Henning Tvedten 1-3

Svein Arne Fure - Arne Johannes Holmin 3-6


Tom S Kosmo - Svein Arne Fure 2-4

Tom S Kosmo - Espen Eidsnes 3-5

Tom S Kosmo - Henning Tvedten 2-2

Tom S Kosmo - Arne Johannes Holmin 4-3

Tom S Kosmo - Trond Gangsoy 2-8

Tom S Kosmo - Vegard Flatoy 2-2

Tom S Kosmo - Darko Mrdalj 4-3

Tom S Kosmo - Hans Christian Lonne 6-7


Hans Christian Lonne - Trond Gangsoy 4-8

Hans Christian Lonne - Vegard Flatoy 6-0

Hans Christian Lonne - Darko Mrdalj 4-0

Hans Christian Lonne - Svein Arne Fure 3-1

Hans Christian Lonne - Espen Eidsnes 2-2

Hans Christian Lonne - Henning Tvedten 3-2

Hans Christian Lonne - Arne Johannes Holmin 5-3

Hans Christian Lonne - Tom S Kosmo 7-6


Arne Johannes Holmin - Espen Eidsnes 0-5

Arne Johannes Holmin - Henning Tvedten 3-3

Arne Johannes Holmin - Tom S Kosmo 3-4

Arne Johannes Holmin - Trond Gangsoy 5-1

Arne Johannes Holmin - Vegard Flatoy 6-0

Arne Johannes Holmin - Darko Mrdalj 5-4

Arne Johannes Holmin - Hans Christian Lonne 3-5

Arne Johannes Holmin - Svein Arne Fure 6-3


Darko Mrdalj - Vegard Flatoy 4-3

Darko Mrdalj - Hans Christian Lonne 0-4

Darko Mrdalj - Svein Arne Fure 1-3

Darko Mrdalj - Espen Eidsnes 1-3

Darko Mrdalj - Henning Tvedten 0-0

Darko Mrdalj - Arne Johannes Holmin 4-5

Darko Mrdalj - Tom S Kosmo 3-4

Darko Mrdalj - Trond Gangsoy 5-4


Henning Tvedten - Arne Johannes Holmin 3-3

Henning Tvedten - Tom S Kosmo 2-2

Henning Tvedten - Trond Gangsoy 4-1

Henning Tvedten - Vegard Flatoy 0-3

Henning Tvedten - Darko Mrdalj 0-0

Henning Tvedten - Hans Christian Lonne 2-3

Henning Tvedten - Svein Arne Fure 3-1

Henning Tvedten - Espen Eidsnes 2-5




Tabell Kamp om 5. plass

Pl Navn K S U T MS MI +/- P
1. Darko Mrdalj, Minde Muthapuckers 4 3 1 0 7 2 5 7
2. Svein Arne Fure, Minde Muthapuckers 4 3 0 1 15 11 4 6
3. Vegard Flatoy, Minde Muthapuckers 4 1 2 1 10 10 0 4
4. Henning Tvedten, BHK Graaveir 4 1 1 2 9 10 -1 3
5. Tom S Kosmo, Isotop BHK 4 0 0 4 6 14 -8 0

Resultater Kamp om 5. plass


Darko Mrdalj - Henning Tvedten 2-0

Darko Mrdalj - Svein Arne Fure 3-1

Darko Mrdalj - Tom S Kosmo 1-0

Darko Mrdalj - Vegard Flatoy 1-1


Svein Arne Fure - Vegard Flatoy 6-2

Svein Arne Fure - Darko Mrdalj 1-3

Svein Arne Fure - Henning Tvedten 4-3

Svein Arne Fure - Tom S Kosmo 4-3


Vegard Flatoy - Svein Arne Fure 2-6

Vegard Flatoy - Tom S Kosmo 5-1

Vegard Flatoy - Darko Mrdalj 1-1

Vegard Flatoy - Henning Tvedten 2-2


Henning Tvedten - Darko Mrdalj 0-2

Henning Tvedten - Svein Arne Fure 3-4

Henning Tvedten - Tom S Kosmo 4-2

Henning Tvedten - Vegard Flatoy 2-2


Tom S Kosmo - Vegard Flatoy 1-5

Tom S Kosmo - Darko Mrdalj 0-1

Tom S Kosmo - Henning Tvedten 2-4

Tom S Kosmo - Svein Arne Fure 3-4




Sluttspill

Åttendelsfinaler:

Hans Christian Lonne - W.O.

Espen Eidsnes - W.O.

Arne Johannes Holmin - W.O.

Trond Gangsoy - W.O.

Henning Tvedten - W.O.

Svein Arne Fure - W.O.

Tom S Kosmo - W.O.

Darko Mrdalj - Vegard Flatoy 0-2 (3-4s,0-3)


Kvartfinaler:

Hans Christian Lonne - Vegard Flatoy 3-2 (1-2s,2-1,5-2,2-3s,7-2)

Espen Eidsnes - Tom S Kosmo 3-0 (7-4,5-2,3-0)

Arne Johannes Holmin - Svein Arne Fure 3-1 (4-0,3-2s,2-3s,4-2)

Trond Gangsoy - Henning Tvedten 3-0 (1-0s,2-1,3-1)


Semifinaler:

Hans Christian Lonne - Trond Gangsoy 3-1 (1-2,4-2,3-2,4-2)

Espen Eidsnes - Arne Johannes Holmin 0-3 (3-5,2-4,4-5s)


Finale:

Hans Christian Lonne - Arne Johannes Holmin 3-0 (4-1,4-1,4-3s)


Bronsefinale:

Espen Eidsnes - Trond Gangsoy 3-0 (5-0w,5-0w,5-0w)





9. Tom S Kosmo: Etter skryt for å vera femte-mestskårande med 2.3 mål per kamp på førre liga, aukar Kosmo til 3.1 mål denne gongen. Er framleis den som slepper inn mest mål, men avstanden til resten av feltet er snart borte. Kvalifiserar seg direkte til kvartfinale, der han møter Eidsnes, som tidlegare var kjend for sitt Kosmokompleks etter den famøse nesten-sortien mot biletkunstnaren på studentmeisterskapen våren 2012, der Eidsnes kriga seg inn til ein 2-1-siger i femte og siste kamp i kvartfinalen. Tre og eit halvt år med generelt fråvær frå organisert hockey resulterar i tremålstap i tre strake kampar mot mannen som lenge har vore den som trenar mest av alle i Bergen. Men no er Kosmo tilbake, og me ser at han kanskje har spelt hockey like mykje som oss andre desse tre åra. 6-7 mot HC Lønne og minst to mål i alle kampane i grunnspelet viser at dette er ein mann Bergensligaen, som sliter både med rekruttering og framgang, trenger.

8. Henning Tvedtet: Startar med 1-3-1 inkludert ein solid 4-1 siger mot Trond Ove, og endar opp på ei plassering i grunnspelet som hadde gjeve soleklar bestenotering på WR. Dette informerar Espen Eidsnes Tvedtet om før kvartfinalen, då han på klønete vis oppmodar bordhockeysjarmtrollet frå Stord om å gå for å halda på femteplassen. Mot Trond Ove vert det berre 2 mål på tre strake tap, i stor kontrast til grunnspelkampen. Det kunne vore interessant å høyra både Tvedtet og Gangsøy sin analyse av denne kampen, sedd i ljos av grunnspelet.

7. Vegard Flatoy: Endar sist i grunnspelet og må ut i 1/8-finale mot Darko, men er nær å slå ut HC i kvartfinalen, der han ledar 2-0 i femte kamp før han etter eiga utsegn vert uforklårleg ukonsentrert og til slutt taper 7-2. Presterar merkbart svakare etter sesongbeste og andreplass på førre vekes supertorsdag. Har nokre småkollapsar med to 0-6-kampar og sju baklengs i siste kamp mot HC, noko som vitnar om mangel på energi. Bør dra nytte av å ha bordhockeyvirtousen Tvedtet i hus, og læra dragningar og ulike innleggsvariantar på høgrevingen.

6. Svein Arne Fure: Endeleg er Fure tilbake med sine gode kommentarar og presiseringar av ulike fakta og språkfeil. Endar opp i ein høgrøysta religionsfilosofisk diskusjon med Holmin, etter at Holmin meiner å ha prova ikkje berre at Gud eksisterar men òg at Gud har ekstremt god humor, sidan Fure etter alltid har uflaks når han får utsprett og at dette ikkje har noko med kraft eller teknikk å gjera. Gud mobbar Fure, ergo eksisterar Gud. Eit resonnement som og provar at ein person som Morten Aarflot eksisterar, noko ein av og til må gni seg i augene for å tru på.

5. Darko Mrdalj: Har ei bimodal skåringsfordeling i grunnspelet og 1/8-finalen i ordinær tid (sjå histogrammet under), noko som for ikkje-statistikarar tyder berg-og-dalbane-hockey eller hawaiihockey.

  0 |||
  1 ||
  2 
  3 ||
  4 ||
  5 |

Mot Holmin ligger han under 0-4, men skårar nesten på kvar einaste sjanse på slutten, og taper 4-5 etter to stolpetreff siste tre sekunda. Spørsmålet er om det er reint tilfeldig kva mode Darko legger seg på i ein kamp, eller om han kan gjera dette til ein deterministisk variabel. I kamp om femteplass skårar han nesten minst av alle, men vinner likevel greitt. Noko som bringer oss inn på baklengsmålfordelinga, som òg i aller høgste grad er bimodal (grunnspelet og 1/8-finalen):

  0 |
  1 
  2 
  3 ||||
  4 ||||
  5 |

I kamp om 5 plass klarer Darko å skifta mode i baklengsmålvariabelen, og endar til slutt opp med fylgjande totale baklengsmålfordeling:

  0 |||
  1 ||
  2 
  3 ||||
  4 ||||
  5 |

Oppsummert korkje skårte eller slapp Darko inn 2 mål i ein kamp i løpet at 14 kampar. Klarer Darko å skifta mode òg i framlengsmål neste liga?

4. Trond Gangsoy: Mislikar sterkt at HC og Holmin, som har hatt ei rekkje meir eller mindre, eller kanskje litt meir meir enn mindre, ugyldig fråver siste tida begge kjem til finale i combacket. Trond Ove er misnøgd med det nye "alle til sluttspel"-regimet, og føreslår det uortodokse "6 til sluttspel" for å få meir intensitet i grunnspelet. Dette vert kontant avvist, og Trond Ove kjem akkurat med i tet-kvartetten, som alle spelar seg fram til semifinale. Der vert det skuffande 2 mål i kvar kamp mot HC, noko som er nesten like svakt som eitt tverrliggarskot og ei feilaktig domaravvist straffe i landskampen etter liga. Vert kanskje den fyrste i historia som taper ein bronsefinale på walkover sjølv om han er den einaste gjenverande bronsefinalisten i lokalet.

3. Espen Eidsnes: Får berre 14 kampar denne kvelden men skårar 5 mål eller meir i 6 av dei. I semifinalen mot Holmin klarer han aldri heilt å kombinera intensitet med presisjon, og gløymer mellom anna heilt å spela inn til senter. Eidsnes er ein som jagar større tempo enn han heilt meistrar, noko som er ein klår fordel for å verta betre i bordhockey.

2. Arne Johannes Holmin: Etter si lengste Bergensliga-pause sidan USA-opphaldet våren 2010 vart det eit gledeleg gjensyn med Seminarrom E og Svein Arne Fure. Skyflar målet ut av stilling opptil fleire gonger mot Fure, og den eine gongen ogso pucken spretter ut skårar Holmin på returen på ein slik måte at målet vippar seg opp i rett stilling (uforståeleg underkjent av gloppensaren). Det kjekkaste var likevel venstreskyffelen som trefte venstre rundvant, rikosjetterte over til overgangen mellom høgre rundvant og høgre vant, og vidare inn i ryggen til keeper og i mål. Gud eksisterar.

1. Hans Christian Lonne: Den mest dominerande Bergensliga-spelaren dei siste åra har vore forbausande fråverande både på deltakarlista og toppen av resultatlista denne hausten, med tre fråver på rad for fyrste gong sidan han byrja med hockey 8. desember 2011. Men denne kvelden stemmer mykje for HC. Er suveren i finalen, og vinner på presise og rakse skyflar. Ser me konturane av eit skikkeleg comeback frå HC. Kan han unngå fleire fråver denne hausten, og vinna bronsemedaljen i kamp med Flatøy, Darko, van Veet, Tvedtet, Fure og Holmin?

Av Arne Johannes Holmin