2017.01.25, Bergensliga Spring 2017 nr 3
Tabell Gruppespill
Pl | Navn | K | S | U | T | MS | MI | +/- | P |
1. | Trond Ove Gangsoy, Bergen Bordhockey | 10 | 8 | 0 | 2 | 43 | 16 | 27 | 16 |
2. | Espen Eidsnes, Minde Muthapuckers | 10 | 7 | 2 | 1 | 38 | 20 | 18 | 16 |
3. | Arne Johannes Holmin, Stigarevolusjonen | 10 | 4 | 1 | 5 | 21 | 24 | -3 | 9 |
4. | Darko Mrdalj, Minde Muthapuckers | 10 | 3 | 2 | 5 | 24 | 27 | -3 | 8 |
5. | Eivind Stolen, BHK Graaveir | 10 | 2 | 2 | 6 | 13 | 34 | -21 | 6 |
6. | Henning Tvedten, BHK Graaveir | 10 | 2 | 1 | 7 | 10 | 28 | -18 | 5 |
Resultater Gruppespill runde 1
Henning Tvedten - Trond Ove Gangsoy 1-3
Henning Tvedten - Arne Johannes Holmin 0-3
Henning Tvedten - Darko Mrdalj 2-2
Henning Tvedten - Eivind Stolen 2-1
Henning Tvedten - Espen Eidsnes 1-4
Darko Mrdalj - Espen Eidsnes 2-2
Darko Mrdalj - Eivind Stolen 2-0
Darko Mrdalj - Henning Tvedten 2-2
Darko Mrdalj - Trond Ove Gangsoy 1-3
Darko Mrdalj - Arne Johannes Holmin 5-3
Eivind Stolen - Arne Johannes Holmin 2-2
Eivind Stolen - Darko Mrdalj 0-2
Eivind Stolen - Espen Eidsnes 1-4
Eivind Stolen - Henning Tvedten 1-2
Eivind Stolen - Trond Ove Gangsoy 1-7
Arne Johannes Holmin - Eivind Stolen 2-2
Arne Johannes Holmin - Henning Tvedten 3-0
Arne Johannes Holmin - Trond Ove Gangsoy 1-3
Arne Johannes Holmin - Espen Eidsnes 1-5
Arne Johannes Holmin - Darko Mrdalj 3-5
Espen Eidsnes - Darko Mrdalj 2-2
Espen Eidsnes - Trond Ove Gangsoy 4-2
Espen Eidsnes - Eivind Stolen 4-1
Espen Eidsnes - Arne Johannes Holmin 5-1
Espen Eidsnes - Henning Tvedten 4-1
Trond Ove Gangsoy - Henning Tvedten 3-1
Trond Ove Gangsoy - Espen Eidsnes 2-4
Trond Ove Gangsoy - Arne Johannes Holmin 3-1
Trond Ove Gangsoy - Darko Mrdalj 3-1
Trond Ove Gangsoy - Eivind Stolen 7-1
Tabell Gruppespill runde 1
Pl | Navn | K | S | U | T | MS | MI | +/- | P |
1. | Espen Eidsnes, Minde Muthapuckers | 5 | 4 | 1 | 0 | 19 | 7 | 12 | 9 |
2. | Trond Ove Gangsoy, Bergen Bordhockey | 5 | 4 | 0 | 1 | 18 | 8 | 10 | 8 |
3. | Darko Mrdalj, Minde Muthapuckers | 5 | 2 | 2 | 1 | 12 | 10 | 2 | 6 |
4. | Arne Johannes Holmin, Stigarevolusjonen | 5 | 1 | 1 | 3 | 10 | 15 | -5 | 3 |
5. | Henning Tvedten, BHK Graaveir | 5 | 1 | 1 | 3 | 6 | 13 | -7 | 3 |
6. | Eivind Stolen, BHK Graaveir | 5 | 0 | 1 | 4 | 5 | 17 | -12 | 1 |
Resultater Gruppespill runde 2
Henning Tvedten - Trond Ove Gangsoy 1-8
Henning Tvedten - Arne Johannes Holmin 1-2
Henning Tvedten - Darko Mrdalj 2-0
Henning Tvedten - Eivind Stolen 0-1
Henning Tvedten - Espen Eidsnes 0-4
Darko Mrdalj - Espen Eidsnes 4-7
Darko Mrdalj - Eivind Stolen 5-1
Darko Mrdalj - Henning Tvedten 0-2
Darko Mrdalj - Trond Ove Gangsoy 2-5
Darko Mrdalj - Arne Johannes Holmin 1-2
Eivind Stolen - Arne Johannes Holmin 2-1
Eivind Stolen - Darko Mrdalj 1-5
Eivind Stolen - Espen Eidsnes 4-4
Eivind Stolen - Henning Tvedten 1-0
Eivind Stolen - Trond Ove Gangsoy 0-7
Arne Johannes Holmin - Eivind Stolen 1-2
Arne Johannes Holmin - Henning Tvedten 2-1
Arne Johannes Holmin - Trond Ove Gangsoy 4-2
Arne Johannes Holmin - Espen Eidsnes 2-3
Arne Johannes Holmin - Darko Mrdalj 2-1
Espen Eidsnes - Darko Mrdalj 7-4
Espen Eidsnes - Trond Ove Gangsoy 1-3
Espen Eidsnes - Eivind Stolen 4-4
Espen Eidsnes - Arne Johannes Holmin 3-2
Espen Eidsnes - Henning Tvedten 4-0
Trond Ove Gangsoy - Henning Tvedten 8-1
Trond Ove Gangsoy - Espen Eidsnes 3-1
Trond Ove Gangsoy - Arne Johannes Holmin 2-4
Trond Ove Gangsoy - Darko Mrdalj 5-2
Trond Ove Gangsoy - Eivind Stolen 7-0
Omspill om 1. plass i grunnspillet
Finale:
Espen Eidsnes - Trond Ove Gangsoy 1-0 (3-2s)
Sluttspill
Kvartfinaler:
Espen Eidsnes - W.O.
Trond Ove Gangsoy - W.O.
Arne Johannes Holmin - Henning Tvedten 3-0 (5-3,3-2,5-2)
Darko Mrdalj - Eivind Stolen 3-0 (4-2,4-1,5-1)
Semifinaler:
Espen Eidsnes - Darko Mrdalj 3-1 (5-0,4-0,2-3s,4-3)
Trond Ove Gangsoy - Arne Johannes Holmin 0-3 (4-7,2-5,2-4)
Finale:
Espen Eidsnes - Arne Johannes Holmin 1-3 (2-3s,2-1,3-4,2-3s)
Bronsefinale:
Trond Ove Gangsoy - Darko Mrdalj 0-3 (0-5w,0-5w,0-5w)
Kamp om 5. plass
Finale:
Eivind Stolen - Henning Tvedten 1-0 (1-0)
Liga nr 4 i 2017 vart som ein fellesstart med skibyte. Grunnspelet gjekk i klassisk stil med gamle brett som ikkje vart teke i bruk før denne runda og difor hadde frykteleg treg is, medan sluttspelet gjekk i fri teknikk etter intens pussing av is med ein liten dunst av silikon på kluten.
6. Henning Tvedtet: Magesåret betrar seg sakte men sikkert, men nokon formtopp er like fjern for Tvedten som hjå Northug berre veker før VM. Tvedtet skårar maksimalt 2 mål per kamp i grunnspelet, og kommenterer rett før startsignalet i kvartfinalen mot Holmin at "dette er ein elendig hockeydag" (eller noko i den duren). Ein katastrofal feil før ein kvartfinale der alt det vonde frå grunnspelet bør slettast frå minnekortet og fullt fokus setjast inn på å knusa motstandaren. Gangsøy skjeller ut Tvedtet for denne feilen, og 0-5 står det etter eit par minutt, før Tvedtet vaknar frå sjølvmedynken og er nær ved å henta inn forspranget. Dei to neste kampane taper han på uflaks og undertenning.
5. Stølet: Tek 5 poeng i andre runde i grunnspelet og senterfintedebuterar mot Eidsnes i ein skarp 4-4-kamp. Stølet viser at senterfinteengasjementet er på plass i kommentar på BHK Graaveir si facebookside, og no er det berre å ta fram brettet og trena spjass og näcka ein time kvar kveld. Stiger på WR med 1-0-siger over Tvedtet i kamp om 5. plass.
4. Trond Ove Gangsøy: Taper kampen om grunnspelsigeren på sudden i omspel etter at han og Eidsnes begge endar på 16 poeng og kvar sin eittmålssiger innbyrdes. Møter difor middelhavsfararen frå grunnspelet, Holmin, som passar på å pussa isen på alle bretta til fabrikkstandard før sluttspelet og difor juksar seg til ein enorm fordel mot mannen som ikkje ligar glatte brett. Trond Ove sit heilt passiv fram til 0-5 i dei to fyrste kampane, noko som minner Tvedtet sin inngang til kvartfinalen.
3. Darko Mrdalj: På stillinga 2-1 i kampar til Eidsnes i semifinalen gjeng Darko hardt ut i kamp 4 og ledar 3-0 tidleg i kampen. So skur han ned intensiteten og byrjar irritera seg over at Eidsnes kjem i gang med skåringane. Ein ny feil; når ein ledar 3-0 mot ein høgare rangert spelar er det einaste rette fokuset å jaga etter ei fjerde skåring. Som ein kan sjå av rundens mål (https://www.youtube.com/watch?v=b8eeaVknUMc) meistrar Darko omvendspjass, noko som han burde ha brukt til fulle i ein slik situasjon. Dagens lærdom: tren på innspel til senterfinte, og drit i om motstandaren skårar.
2. Espen Eidsnes: Ligavinnaren frå førre semester reagerer friskt (sjå siste skåring i rundens mål) på tapet i sudden i fjerde og siste kamp i finalen mot Holmin, etter å ha spelt ukynisk i sluttsekunda og gjeve frå seg 2-1 til 2-2. Eidsnes har ikkje vunne ein liga sidan november 2016, den lengste rekkja utan siger sidan september 2015. Serleg irriterande er det nok at Holmin northugar seg fram til siger. Men kanskje neste gong, Eidsnes.
1. Arne Johannes Holmin: Har vakna frå ein liten hockeydvale etter at Klippet kom inn i Bergensligaen med ein jærsk intensitet i spelet, og jobbar vidare mot målet om 100 ligasigrar, der det no manglar 9. Skårar nesten dobbelt so mykje mål i sluttspelet som i grunnspelet, og skuldar på glien på bretta.
Av Arne Johannes Holmin