Lær bordhockey
Bordhockey handlar om snøggleik, mental styrke, og fysisk og psykisk uthald. Men kanskje aller mest handlar bordhockey om triks. Innøvde trekk på brettet som, akkurat som ei dragning inn på firefoten i curling, må sitja i dei avgjerande augneblinka. På denne sida kan du læra deg over 200 triks frå alle tenkjelege posisjonar på brettet.
Lista er ikkje komplett. Det finnast sikkert mange der ute som har skåra på ein "naglesprett på høgkant" eller eit anna ukjend triks. Det finnast òg mange uoppfunne triks på brettet, som berre ventar på ein opphavsmann.
Lista inneheld nokre ord og vendingar som treng definisjon: "Framme" og "bake" på brettet tyder enden av brettet som er høvesvis nærast og lengst frå den som spelar. Senter stend til dømes nær motstandaren sin keeper dersom han stend framme i sporet. Ein referane til snøbrett ligger i ordet "fakie", som tyder motsett retning av det vanlege, gjerne brukt om eit triks som vanlegvis vert utførd frå høgreback, men som i "fakie" versjon vert utførd frå høgreback. "Invers" er eit meir spesifikt omgrep enn "fakie", og tyder eit triks utførd i motsett rekkjefylgje. Triks som endar på "o", er oftast ein vanskelegare variant av trikset utan "o". Triks der namnet ikkje er i feit type er triks som artikkelforfattar er i tvil om det har vorte skåra mål på i offisiell kamp (internasjonal eller nasjonal turnering, eller lokalliga). For registreringar av skåringar på triks, informasjon om nye triks eller eksisterande namn på triks, spørsmål, eller innvendingar, send epost til stigarevolusjonen hjå gmail, eller post eit innlegg på GJESTEBOKA.
Til kvart triks er det oppgjeve ein vanskegrad. Desse verdiane er meint som rettleiande verdiar, og mange vil nok vera usamde i nokre av verdiane. Vanskegradene ligger på fylgjande skala frå 0 til 10:
Grad | Definisjon | Døme |
0 | Umogleg å bomma | Skåring frå senter utan keeper og utan tidsfrist |
1 | Sjukt lett | Kontring 100 %-sjanse |
2 | Meeeget lett | Høgreskyffel midt på keeper |
3 | Lett | Lillstøvel |
4 | Litt lett | Høgreskyffel i hjørnet |
5 | Overkomeleg | Spjass |
6 | Litt vanskeleg | Agdur |
7 | Vanskeleg | Reiersen |
8 | Meeeget vanskeleg | Aspenstrøm |
9 | Sjukt vanskeleg | Humber |
10 | Umogleg | Kioskenstrøm |
Senter
Kode | Namn | Kombo | Forklåring | Grad | Link |
---|---|---|---|---|---|
S01 | Näcka Kljuška |
Senter startar med pucken i hælgropa, passar med hæl nokre centimeter ut til høgre, og skyter med kølle i høgre hjørne | 4 | link | |
S02 | Spjass Kljuška Kljuška |
Senter startar med pucken i hælgropa, passar med kølle nokre centimeter ut til venstre, og snurrar heilt rundt og skyter med kølle i venstre hjørne | 5 | link | |
S03 | Lillhæl | Senter startar med pucken i hælgropa, passar med kølle ca ein centimeter ut til venstre, og skyter med hæl i venstre hjørne | 5 | ||
S04 | Lillstøvel | Senter startar med pucken i tågropa, passar med tå nokre centimeter ut til venstre, og skyter med kølle i venstre hjørne. Oppkalla etter den legendariske Djurgårdaren-spelaren Carl-Göran "Lill-Stöveln" Öberg, veslebror til Hans "Stöveln" Öberg | 3 | link | |
S05 | Omvendspjass | Senter startar med pucken i tågropa, passar med kølle nokre centimeter ut til høgre, og snurrar heilt rundt og skyter med kølle i høgre hjørne | 5 | link | |
S06 | Fakie Näcka | Senter startar med pucken i tågropa, skiftar kjapt til å ha pucken i hælgropa, og utfører ein Näcka | 6 | ||
S07 | Fakie Spjass | Senter startar med pucken i tågropa, skiftar kjapt til å ha pucken i hælgropa, og utfører ein Spjass | 6 | ||
S08 | Fakie Lillstøvel | Senter startar med pucken i hælgropa, skiftar kjapt til å ha pucken i tågropa, og utfører ein Lillstøvel | 5 | ||
S09 | Fakie Omvendspjass | Senter startar med pucken i hælgropa, skiftar kjapt til å ha pucken i tågropa, og utfører ein Omvendspjass | 6 | ||
S10 | Hjerpe Hjørsjp |
Senter startar med pucken ute på køllebladet til høgre for sporet, fører pucken over til venstre side av sporet, og skyter i venstre hjørne | 6 | link | |
S11 | Hjerpefinte | Senter startar med pucken ute på køllebladet til høgre for sporet, og skyter direkte i høgre hjørne. Fungerar berre mot keeper som ventar Hjerpe | 2 | ||
S12 | Søren | Senter startar med pucken ute på køllebladet til venstre for sporet, fører pucken over til høgre side av sporet, og skyter i høgre hjørne. Oppkalla etter den legendariske bordhockey- og ishockeyspelaren Sören Johansson som gjorde ei liknande finte i ishockey | 6 | ||
S13 | Sørenfinte | Senter startar med pucken ute på køllebladet til venstre for sporet og skyter direkte i venstre hjørne. Fungerar berre mot keeper som ventar Søren | 2 | ||
S14 | Senterkiosk | Senter startar med pucken eit par centimeter til venstre for sporet og utfører ein Kiosk i venstre eller høgre kryss | 8 | ||
S15 | Näckafinte | Senter utfører ein Näcka, men plasserar pucken i venstre hjørne. Fungerar berre mot reagerande keeper | 6 | ||
S16 | Spjassfinte | Senter utfører ein Spjass, men plasserar pucken i høgre hjørne. Fungerar berre mot reagerande keeper | 6 | ||
S17 | Lillstøvelfinte C 29 |
Senter utfører ein Lillstøvel, men plasserar pucken i høgre hjørne. Fungerar berre mot reagerande keeper | 5 | link | |
S18 | Omvendspjassfinte | Senter utfører ein Omvendspjass, men plasserar pucken i venstre hjørne. Fungerar berre mot reagerande keeper | 6 | ||
S19 | Senter-Ceuleman Senter-Veggskot |
Senter skyter pucken frå tågropa via høgre vant og i mål bak (evt. via) keeper | 6 | ||
S20 | Fakie Senter-Ceuleman | Senter skyter pucken frå hælgropa via venstre vant og i mål bak (evt. via) keeper | 7 | ||
S21 | Horvath | Senter startar med pucken litt ute på køllebladet til høgre for sporet, skyter i venstre rundvant, får pucken i retur, og skyter i høgre hjørne | 7 | ||
S22 | Fakie Horvath | Senter skyter i høgre vant bak motspelar sitt mål, får pucken i retur, og skyter i venstre hjørne | 7 | ||
S23 | Spjass-Horvath | Senter utfører ein Spjass, og bommar medvite på mål og treffer venstre rundvant, får pucken i retur, og skyter i høgre hjørne | 8 | ||
S24 | Veggdyr | Senter skyter pucken frå hælgropa via venstre vant og tilbake til senter og i mål | 6 | ||
S25 | Fakie Veggdyr | Senter skyter pucken frå tågropa via høgre vant og tilbake til senter og i mål | 6 | ||
S26 | Agdur | Passning frå senter til venstreving og attende til senter og i høgre hjørne | 6 | ||
S27 | Halv-Agdur | Passning frå senter til venstreving som skyter direkte i venstre hjørne | 7 | ||
S28 | Agduro | Passning frå senter til venstreving som fører pucken baketter i sporet og passar bak motspelar sin senter attende til eigen senter heilt bake i sporet og i mål (sjå Sentrifugo) | 7 | ||
S29 | Invers Agduro | Senter fører pucken baketter i sporet og passar bak motspelar sin senter til venstreving, som passar attende til senter og i mål | 8 | ||
S30 | Invers Halv-Agduro | Senter fører pucken baketter i sporet og passar bak motspelar sin senter, til venstreving som skyter direkte i venstre hjørne | 8 | ||
S31 | Fakie Agdur | Passning frå senter til høgreeving og attende til senter og i venstre hjørne | 6 | link | |
S32 | Fakie Halv-Agdur | Passning frå senter til høgreving som skyter direkte i mål | 7 | ||
S33 | Fakie Invers Agduro | Senter fører pucken baketter i sporet og passar bak motspelar sin venstreback til høgreving, som fører pucken frametter i sporet og passar framom motspelar sin venstreback attende til senter og i mål | 7 | ||
S34 | Fakie Invers Halv-Agduro | Senter fører pucken baketter i sporet og passar bak motspelar sin venstreback til høgreving, som skyter direkte i mål | 7 | ||
S35 | Holmin | Senter skyter i vantet i ved starten av høgre rundvant, slik at pucken glid langs vantet til venstreving som skyter direkte i mål | 8 | ||
S36 | Holms | Senter skyter i vantet i ved starten av høgre rundvant, slik at pucken glid langs vantet til venstreving og vidare inn til senter som skyter direkte i mål | 8 | ||
S37 | Holms-Gretzky | Senter skyter i vantet i ved starten av høgre rundvant, slik at pucken glid langs vantet til venstreving, som er plassert like til venstre for motstandar sitt mål og passar baketter til senter som skyter direkte i mål | 8 | ||
S38 | Senter-Velodrom | Senter passar til venstreving som sender pucken i ein Velodrom over til høgreving som skyter direkte i høgre hjørne | 7 | ||
S39 | Senter-Karusell | Senter passar til venstreving som sender pucken i ein Velodrom over til høgreving og inn til senter og i mål | 7 | ||
S40 | Fakie Senter-Velodrom | Senter passar til høgreving som sender pucken i ein Velodrom over til venstreving som skyter direkte i venstre hjørne | 7 | ||
S41 | Fakie Senter-Karusell | Senter passar til høgreving som sender pucken i ein Velodrom over til venstreving og inn til senter og i mål | 7 | ||
S42 | Skalpell | Passning frå senter til keeper som skyter på direkten i mål | 9 | ||
S43 | General Reiersen | Passning frå senter langs høgre vant bak eige mål til venstreback som skyter på direkten i mål | 8 | ||
S44 | Senterkniv | Passning frå senter til venstreback som skyter på direkten i mål | 7 | ||
S45 | Senterknivo | Passning frå senter bak motspelar sin senter til venstreback som skyter på direkten i mål | 7 | ||
S46 | Rambokniv | Passning frå senter til venstreback som passar bak motspelar sin senter og inn til eigen senter, som skyter på direkten heilt bake i sporet | 7 | ||
S47 | Fakie Senterkniv | Passning frå senter til høgreback som skyter på direkten i mål | 7 | ||
S48 | Senter-Backnäcka | Passning frå senter til høgreback som skyter rundt motspelar sin venstreback og i mål (sjå Backnäcka) | 8 | ||
S49 | Invers Kano | Passning frå senter via høgre vant til høgreback som skyter på direkten i mål | 7 | ||
S50 | Fakie Invers Kano | Passning frå senter via venstre vant til venstreback som skyter på direkten i mål | 7 | ||
S51 | Senter-Rokkade | Passning frå senter til høgreback og vidare til venstreback som skyter på direkten i mål | 6 | ||
S52 | Fakie Senter-Rokkade | Passning frå senter til venstreback og vidare til høgreback som skyter på direkten i mål | 7 | ||
S53 | Bacalao | Passning frå senter til høgreback som skyter på direkten via høgre vant og i mål | 8 | ||
S54 | Newton | Senter skyter via motspelar sin høgreback og i mål | 7 | ||
S55 | Mission Impossible 3 | Senter spelar vegg med målstonga og set returen i mål | 9 |
Venstreving
Høgreving
Kode | Namn | Forklåring | Grad | Video | Link |
---|---|---|---|---|---|
HV1 | Direkteskot | Høgreving skyter direkte i mål, helst med lyft i krysset | 3 | ||
HV2 | Smygar Maltzev |
Høgreving fører pucken frametter i sporet og skyter i mål mellom kepper og høgre målstong | 3 | link | |
HV3 | Bedehus-Smygar Tysk Smygar |
Høgreving fører pucken frametter i sporet og skyter i mål mellom via ryggen til keeper | 4 | ||
HV4 | Fakie Forulemping | Høgreving startar bak motspelar sitt mål og fører pucken i køllegropa baketter i sporet og skyter mellom keeper og høgre målstong | 3 | ||
HV5 | Nuttonenslegga | Høgreving fører pucken i hælgropa baketter i sporet men stoggar rørsla og skyter direkte i næraste kryss over kølla til keeper | 4 | ||
HV6 | Tønsbergslegga Det fantastiske skotet |
Høgreving fører pucken i køllegropa frametter i sporet, passar pucken nokre cm over mot venstre og snurrar heilt rundt og skyter (spjassar) i mål i fart. Det einaste trikset Geir Hjemås har fått godkjend som opphavsmann for. Til gjengjeld kalla tre gonger Verdsmeister Hans Østerman Tønsbergslegga for "Det fantastiske skotet" etter å ha vorte hamra av Hjemås under Swedish Masters 2011. | 6 | ||
HV7 | EMoe-smygar | Høgreving fører pucken i utvendig køllegrop frametter i sporet og skyter (dreiar spelaren motklokka) i mål i fart | 4 | ||
HV8 | Lønnskipp | Pucken ligger like ved høgreving litt over på høgre side av sporet, og høgreving skyter pucken direkte i krysset og får lyft når tåa sneiar pucken før kølla (Backhand Kiosk frå høgreving) | 5 | ||
HV9 | Tomahawk | Høgreving stend langt bake i sporet og skyter via høgre vant og i mål | 6 | ||
HV10 | Fakie Tomahawk | Høgreving skyter via venstre vant og i mål | 6 | ||
HV11 | Brustadbu | Høgreving kioskar i mål | 7 | ||
HV12 | Lille Trille | Høgreving kioskar svakt i retning eigen senter, slik at pucken legg seg på høgkant og trillar i ein boge inn i venstre hjørne. Opphavsmann er Stian Lode | 8 | ||
HV13 | Smygaro | Høgreving fører pucken snøgt frametter langs vantet, slepper grepet på pucken og forserar forbi pucken, for so å stogga opp ved mållina og flikka pucken i mål mellom keeper og høgre målstong | 6 | ||
HV14 | Eidsneskølle Invers Smygaro |
Høgreving fører pucken snøgt baketter langs vantet, går forbi pucken og skyter med fast kølle i mål | 4 | ||
HV15 | Fakie Jon Spesial Korabel |
Høgreving skyter via kølla til stilleståande senter og i venstre hjørne av mål | 6 | ||
HV16 | Hagerup | Høgreving og senter stend heilt bake i sporet, og høgreving passar inn til senter som skyter på direkten med kølle i høgre hjørne | 4 | ||
HV17 | Spade | Høgreving og senter stend heilt bake i sporet, og høgreving passar inn til senter som skyter på direkten med kølle i venstre hjørne | 4 | link | |
HV18 | Lindahlskyffel kort | Høgreving fører pucken i køllegropa frametter i sporet og leggjer inn til senter som skyter i høgre hjørne | 4 | ||
HV19 | Lindahlskyffel lang | Høgreving fører pucken i køllegropa frametter i sporet og leggjer inn til senter som skyter i venstre hjørne | 4 | link | |
HV20 | Edwallskyffel kort | Høgreving fører pucken i hælgropa frametter i sporet og leggjer inn til senter som skyter i høgre hjørne | 4 | ||
HV21 | Edwallskyffel lang | Høgreving fører pucken i hælgropa frametter i sporet og leggjer inn til senter som skyter i venstre hjørne | 4 | link | |
HV22 | Hælskyffel kort | Høgreving fører pucken i køllegropa baketter i sporet og leggjer inn med hæl til senter som skyter i høgre hjørne. Kan òg utførast med kølleinnlegg dersom høgreving let pucken gli litt i frå | 4 | link | |
HV23 | Hælskyffel lang | Høgreving fører pucken i køllegropa baketter i sporet og leggjer inn med hæl til senter som skyter i venstre hjørne. Kan òg utførast med kølleinnlegg dersom høgreving let pucken gli litt i frå | 4 | link | |
HV24 | Tryykari kort | Høgreving fører pucken i hælgropa snøgt frametter (Edwall-dragning), stoggar og utfører ein Hæl-skyffel i korthjørnet | 5 | ||
HV25 | Tryykari lang | Høgreving fører pucken i hælgropa snøgt frametter (Edwall-dragning), stoggar og utfører ein Hæl-skyffel i langhjørnet | 5 | link | |
HV26 | Tryykarifinte | Høgreving fører pucken i hælgropa snøgt frametter (Edwall-dragning), stoggar like før mållina, dreiar mot klokka 180 grader og skyter pucken i mål med hæl i høgre hjørne | 5 | link | |
HV27 | Gangsøyskyffel kort | Høgreving fører pucken snøgt baketter i sporet langs vantet med kølla, snurrar rundt mot klokka og leggjer inn i fart med kølla til senter som skyter i høgre hjørne | 5 | ||
HV28 | Gangsøyskyffel lang | Høgreving fører pucken snøgt baketter i sporet langs vantet med kølla, snurrar rundt mot klokka og leggjer inn i fart med kølla til senter som skyter i venstre hjørne | 5 | ||
HV29 | Truls | Høgreving fører pucken på utsida av køllebladet baketter og legger inn til senter og i mål | 4 | link | |
HV30 | Wilkens | Høgreving fintar dragning med pucken i køllegropa baketter i sporet, stoggar opp, og legger inn framom motstandar sin venstreback og inn til senter og i mål | 6 | link | |
HV31 | Pettersonskyffel | Høgreving fører pucken i køllegropa frametter i sporet, gjeng nokre centimeter forbi pucken, og snurrar med klokka og legger inn med kølla skrått baketter til senter og i mål | 6 | link1 link2 | |
HV32 | Furious G | Smygaro med passning til senter og i mål | 6 | link | |
HV33 | Marcus Andersson | Høgreskyffel rett i hjerpe | 7 | ||
HV34 | Fakie Harlem Shuffle | Høgreving passar inn til senter som stilleståande flikkar pucken med svingande kølle i mål | 6 | ||
HV35 | Veggskyffel | Høgreving stend langt framme i sporet med pucken i køllegropa, og skyter via høgre vant og skrått baketter til senter og i mål | 5 | ||
HV36 | Fakie Velodrom | Passning frå høgreving langs vantet bak motstandar sitt mål til venstreving som skyter i ventre hjørne av mål | 6 | link | |
HV37 | Fakie Karusell | Passning frå høgreving langs vantet bak motstandar sitt mål til venstreving og inn til senter og i mål | 6 | ||
HV38 | Snok Mexikanare |
Høgreving skyter pucken via vantet like til høgre for motspelar sitt mål inn til senter som skyter på direkten i mål. Passninga frå høgreving kan utførast med hæl og stamfot, eller kølle for større vanskegrad | 5 | link1 link2 | |
HV39 | Snik | Høgreving skyter pucken via motspelar sin keeper til senter som skyter på direkten i mål | 5 | ||
HV40 | Fakie kniv | Passning frå høgreving til høgreback som skyter på direkten i mål | 6 | ||
HV41 | Fakie lang-kniv | Passning frå høgreving til venstreback som skyter på direkten i mål | 6 | ||
HV42 | Langorv | Høgreving passar langs vantet bak motspelar sitt mål slik at pucken forlet vantet ved venstrevingen og endar hjå venstreback som skyter på direkten i mål | 6 | ||
HV43 | Invers Kryssar | Passning frå høgreving til venstreving som skyter i venstre hjørne av mål | 7 | ||
HV44 | Invers Kryssar med innspel Invers Kryssarskyffel |
Passning frå høgreving til venstreving og direkte vidare inn til senter og i mål | 7 | ||
HV45 | Invers Kryssar med Velodrom | Passning frå høgreving til venstreving som passar langs vantet bak motspelar sitt mål til høgreving som skyter på direkten i mål | 7 | ||
HV46 | Invers Kryssar med Karusell | Passning frå høgreving til venstreving som passar langs vantet bak motspelar sitt mål til høgreving som passar inn til senter og i mål | 7 | ||
HV47 | Fakie Lang-Agdur | Passning frå høgreving til venstreving som passar tilbake til høgreving som skyter på direkten i mål | 8 | ||
HV48 | Nuttunen | Passning frå høgreving til venstreback og vidare inn til senter heilt bake i sporet og i mål | 6 | ||
HV49 | Nuttunen goes useless | Passning frå høgreving til senter langt bake i sporet med flikk vidare til venstreback som skyter på direkten i mål | 6 | ||
HV50 | Reiersen | Passning frå høgreving langs høgre vant bak eige mål til venstreback som skyter på direkten i mål | 7 | link | |
HV51 | Reiersen på bærtur | Passning frå høgreving langs høgre vant bak eige mål til venstreback, som passar bak eige mål til høgreback som skyter på direkten i mål | 9 | ||
HV52 | Gretzky | Passning frå høgreving langs vantet bak motstandar sitt mål til venstreving, som er plassert like til venstre for motstandar sitt mål og passar baketter til senter som skyter direkte i mål | 7 | link | |
HV53 | Fakie Mors Kök Fars Kök |
Passning frå høgreving helit framme i sporet via venstre rundvant og inn til senter og i mål | 8 | ||
HV54 | Burkgurk | Passning frå høgreving langs vantet bak eige mål til venstreving som flikkar direkte i venstre hjørne av mål | 8 | ||
HV55 | Burkgurkskyffel | Passning frå høgreving langs vantet bak eige mål til venstreving og vidare inn til senter og i mål | 8 | ||
HV56 | Jorda Rundt | Passning frå høgreving langs vantet bak eige mål og heilt rundt tilbake til høgreving som skyter direkte i mål | 9 | ||
HV57 | Jorda Rundt-skyffel | Passning frå høgreving langs vantet bak eige mål og heilt rundt tilbake til høgreving og inn til senter og i mål | 9 | ||
HV58 | Fakie Gutshot | Passning frå høgreving til keeper som skyter på direkten i mål (enklare enn vanleg Gutshot) | 7 | ||
HV59 | Fakie Gutshot-Hansen | Passning frå høgreving til keeper og tilbake til høgreving og i høgre hjørne av mål (enklare enn vanleg Gutshot-Hansen) | 8 | ||
HV60 | Invers Rookierokkade | Passning frå høgreving langt bake i sporet til høgreback og direkte attende til høgreving og i mål | 7 | ||
HV61 | Fakie Zorro | Passning frå høgreving til senter, vidare til høgreback og vidare til venstreback som skyter på direkten i mål | 7 | ||
HV62 | Mission Impossible 2 | Høgreving sender pucken langs vantet til venstreving som stend heilt framme i sporet (bak mål) og passar direkte baketter til senter som skyter på direkten i mål (Mission Impossible direkte på passning frå høgreving) | 9 | ||
HV63 | Edwall-innspel | Høgreving fører pucken i hælgropa frametter i sporet og leggjer inn til senter | 2 | ||
HV64 | Lindahl-innspel | Høgreving fører pucken i køllegropa frametter i sporet og leggjer inn til senter | 2 | ||
HV65 | Østerman-innspel | Høgreving fører pucken i køllegropa snøgt frametter i sporet, dreiar 180 grader mot klokka og stoggar opp framom pucken, og snurrar tilbake med klokka og passar pucken med kølle inn til senter | 6 | ||
HV66 | Silis-innspel | Høgreving fører pucken i hælgropa snøgt baketter i sporet og leggjer inn til senter i fart | 6 |
Venstreback
Høgreback
Keeper
Alle
Nr | Kode | Namn | Forklåring | Grad | Video | Link |
---|---|---|---|---|---|---|
1 | S1 | Näcka Kljuška |
Senter startar med pucken i hælgropa, passar med hæl nokre centimeter ut til høgre, og skyter med kølle i høgre hjørne av mål | 4 | link | |
2 | S2 | Spjass Kljuška Kljuška |
Senter startar med pucken i hælgropa, passar med kølle nokre centimeter ut til venstre, og snurrar heilt rundt og skyter med kølle i venstre hjørne av mål | 5 | link | |
3 | S3 | Lillhæl | Senter startar med pucken i hælgropa, passar med kølle ca ein centimeter ut til venstre, og skyter med hæl i venstre hjørne av mål | 5 | ||
4 | S4 | Lillstøvel | Senter startar med pucken i tågropa, passar med tå nokre centimeter ut til venstre, og skyter med kølle i venstre hjørne av mål. Oppkalla etter den legendariske Djurgårdaren-spelaren Carl-Göran "Lill-Stöveln" Öberg, veslebror til Hans "Stöveln" Öberg | 3 | link | |
5 | S5 | Omvendspjass | Senter startar med pucken i tågropa, passar med kølle nokre centimeter ut til høgre, og snurrar heilt rundt og skyter med kølle i høgre hjørne av mål | 5 | link | |
6 | S6 | Fakie Näcka | Senter startar med pucken i tågropa, skiftar kjapt til å ha pucken i hælgropa, og utfører ein Näcka | 6 | ||
7 | S7 | Fakie Spjass | Senter startar med pucken i tågropa, skiftar kjapt til å ha pucken i hælgropa, og utfører ein Spjass | 6 | ||
8 | S8 | Fakie Lillstøvel | Senter startar med pucken i hælgropa, skiftar kjapt til å ha pucken i tågropa, og utfører ein Lillstøvel | 5 | ||
9 | S9 | Fakie Omvendspjass | Senter startar med pucken i hælgropa, skiftar kjapt til å ha pucken i tågropa, og utfører ein Omvendspjass | 6 | ||
10 | S10 | Hjerpe Hjørsjp |
Senter startar med pucken ute på køllebladet til høgre for sporet, fører pucken over til venstre side av sporet, og skyter i venstre hjørne av mål med fast kølle | 6 | link | |
11 | S11 | Hjerpefinte | Senter startar med pucken ute på køllebladet til høgre for sporet, og skyter direkte i høgre hjørne av mål. Fungerar berre mot keeper som ventar Hjerpe | 2 | ||
12 | S12 | Søren | Senter startar med pucken ute på køllebladet til venstre for sporet, fører pucken over til høgre side av sporet, og skyter i høgre hjørne av mål med fast kølle. Oppkalla etter den legendariske bordhockey- og ishockeyspelaren Sören Johansson som gjorde ei liknande finte i ishockey | 6 | ||
13 | S13 | Sørenfinte | Senter startar med pucken ute på køllebladet til venstre for sporet og skyter direkte i venstre hjørne av mål. Fungerar berre mot keeper som ventar Søren | 2 | ||
14 | S14 | Senterkiosk | Senter startar med pucken eit par centimeter til venstre for sporet og utfører ein Kiosk i venstre eller høgre kryss | 8 | ||
15 | S15 | Näckafinte | Senter utfører ein Näcka, men plasserar pucken i venstre hjørne av mål. Fungerar berre mot reagerande keeper | 6 | ||
16 | S16 | Spjassfinte | Senter utfører ein Spjass, men plasserar pucken i høgre hjørne av mål. Fungerar berre mot reagerande keeper | 6 | ||
17 | S17 | Lillstøvelfinte C 29 |
Senter utfører ein Lillstøvel, men plasserar pucken i høgre hjørne av mål. Fungerar berre mot reagerande keeper | 5 | link | |
18 | S18 | Omvendspjassfinte | Senter utfører ein Omvendspjass, men plasserar pucken i venstre hjørne av mål. Fungerar berre mot reagerande keeper | 6 | ||
19 | S19 | Senter-Ceuleman Senter-Veggskot |
Senter skyter pucken frå tågropa via høgre vant og i mål bak (evt. via) keeper | 6 | ||
20 | S20 | Fakie Senter-Ceuleman | Senter skyter pucken frå hælgropa via venstre vant og i mål bak (evt. via) keeper | 7 | ||
21 | S21 | Horvath | Senter startar med pucken litt ute på køllebladet til høgre for sporet, skyter i venstre rundvant, får pucken i retur, og skyter i høgre hjørne for mål med fast kølle | 7 | ||
22 | S22 | Spjass-Horvath | Senter utfører ein Spjass, og bommar medvite på mål og treffer vantet i venstre rundvant, får pucken i retur, og skyter i høgre hjørne for mål med fast kølle | 8 | ||
23 | S23 | Agdur | Passning frå senter til venstreving og attende til senter og i høgre hjørne av mål | 6 | ||
24 | S24 | Halv-Agdur | Passning frå senter til venstreving som skyter direkte i venstre hjørne av mål | 7 | ||
25 | S25 | Agduro | Passning frå senter til venstreving som fører pucken baketter i sporet og passar bak motspelar sin høgreback attende til senter heilt bake i sporet og i mål (sjå Sentrifugo) | 7 | ||
26 | S26 | Invers Agduro | Senter fører pucken baketter i sporet og passar bak motspelar sin høgreback til venstreving, som passar attende til senter og i mål | 8 | ||
27 | S27 | Invers Halv-Agduro | Senter fører pucken baketter i sporet og passar bak motspelar sin høgreback, til venstreving som skyter direkte i venstre hjørne av mål | 8 | ||
28 | S28 | Fakie Agdur | Passning frå senter til høgreeving og attende til senter og i venstre hjørne av mål | 6 | link | |
29 | S29 | Fakie Halv-Agdur | Passning frå senter til høgreving som skyter direkte i høgre hjørne av mål | 7 | ||
30 | S30 | Invers Agduro | Senter fører pucken baketter i sporet og passar bak motspelar sin venstreback til høgreving, som fører pucken frametter i sporet og passar framom motspelar sin venstreback attende til senter og i mål | 7 | ||
31 | S31 | Holmin | Senter skyter i vantet i ved starten av høgre rundvant, slik at pucken glid langs vantet til venstreving som skyter direkte i mål | 8 | ||
32 | S32 | Holms | Senter skyter i vantet i ved starten av høgre rundvant, slik at pucken glid langs vantet til venstreving og vidare inn til senter som skyter direkte i mål | 8 | ||
33 | S33 | Holms-Gretzky | Senter skyter i vantet i ved starten av høgre rundvant, slik at pucken glid langs vantet til venstreving, som er plassert like til venstre for motstandar sitt mål og passar baketter til senter som skyter direkte i mål | 8 | ||
34 | S34 | Senter-Velodrom | Senter passar til venstreving som sender pucken i ein Velodrom over til høgreving som skyter direkte i høgre hjørne av mål | 7 | ||
35 | S35 | Senter-Karusell | Senter passar til venstreving som sender pucken i ein Velodrom over til høgreving og inn til senter og i mål | 7 | ||
36 | S36 | Fakie Senter-Velodrom | Senter passar til høgreving som sender pucken i ein Velodrom over til venstreving som skyter direkte i venstre hjørne av mål | 7 | ||
37 | S37 | Fakie Senter-Karusell | Senter passar til høgreving som sender pucken i ein Velodrom over til venstreving og inn til senter og i mål | 7 | ||
38 | S38 | Skalpell | Passning frå senter til keeper som skyter på direkten i mål | 9 | ||
39 | S39 | General Reiersen | Passning frå senter langs høgre vant bak eige mål til venstreback som skyter på direkten i mål | 8 | ||
40 | S40 | Senterkniv | Passning frå senter til venstreback som skyter på direkten i mål | 7 | ||
41 | S41 | Senterknivo | Passning frå senter bak motspelar sin senter til venstreback som skyter på direkten i mål | 7 | ||
42 | S42 | Rambokniv | Passning frå senter til venstreback som passar bak motspelar sin senter og inn til senter, som skyter på direkten heilt bake i sporet | 7 | ||
43 | S43 | Fakie Senterkniv | Passning frå senter til høgreback som skyter på direkten i mål | 7 | ||
44 | S44 | Senter-Backnäcka | Passning frå senter til høgreback som skyter rundt motspelar sin venstreback og i mål (sjå Backnäcka) | 8 | ||
45 | S45 | Invers Kano | Passning frå senter via høgre vant til høgreback som skyter på direkten i mål | 7 | ||
46 | S46 | Fakie Invers Kano | Passning frå senter via venstre vant til venstreback som skyter på direkten i mål | 7 | ||
47 | S47 | Senter-Rokkade | Passning frå senter til høgreback og vidare til venstreback som skyter på direkten i mål | 6 | ||
48 | S48 | Fakie Senter-Rokkade | Passning frå senter til venstreback og vidare til høgreback som skyter på direkten i mål | 7 | ||
49 | S49 | Backalao | Passning frå senter til høgreback som skyter på direkten via høgre vant og i mål | 8 | ||
50 | S50 | Newton | Senter skyter via motspelar sin høgreback og i mål | 7 | ||
51 | S51 | Mission Impossible 3 | Senter spelar vegg med målstonga og set returen i mål | 9 | ||
52 | HV1 | Direkteskot | Høgreving skyter direkte i mål, helst med lyft i krysset | 3 | ||
53 | HV2 | Smygar Maltzev |
Høgreving fører pucken frametter i sporet og skyter i mål mellom kepper og høgre målstong | 3 | link | |
54 | HV3 | Bedehus-Smygar Tysk Smygar |
Høgreving fører pucken frametter i sporet og skyter i mål mellom via ryggen til keeper | 4 | ||
55 | HV4 | Fakie Forulemping | Høgreving startar bak motspelar sitt mål og fører pucken i køllegropa baketter i sporet og skyter mellom keeper og høgre målstong | 3 | ||
56 | HV5 | Nuttonenslegga | Høgreving fører pucken i hælgropa baketter i sporet men stoggar rørsla og skyter direkte i næraste kryss over kølla til keeper | 4 | ||
57 | HV6 | Tønsbergslegga Det fantastiske skotet |
Høgreving fører pucken i køllegropa frametter i sporet, passar pucken nokre cm over mot venstre og snurrar heilt rundt og skyter (spjassar) i mål i fart. Det einaste trikset Geir Hjemås har fått godkjend som opphavsmann for. Til gjengjeld kalla tre gonger Verdsmeister Hans Østerman Tønsbergslegga for "Det fantastiske skotet" etter å ha vorte hamra av Hjemås under Swedish Masters 2011. | 6 | ||
58 | HV7 | EMoe-smygar | Høgreving fører pucken i utvendig køllegrop frametter i sporet og skyter (dreiar spelaren motklokka) i mål i fart | 4 | ||
59 | HV8 | Lønnskipp | Pucken ligger like ved høgreving litt over på høgre side av sporet, og høgreving skyter pucken direkte i krysset og får lyft når tåa sneiar pucken før kølla (Backhand Kiosk frå høgreving) | 5 | ||
60 | HV9 | Tomahawk | Høgreving stend langt bake i sporet og skyter via høgre vant og i mål | 6 | ||
61 | HV10 | Fakie Tomahawk | Høgreving skyter via venstre vant og i mål | 6 | ||
62 | HV11 | Brustadbu | Høgreving kioskar i mål | 7 | ||
63 | HV12 | Lille Trille | Høgreving kioskar svakt i retning eigen senter, slik at pucken legg seg på høgkant og trillar i ein boge inn i venstre hjørne. Opphavsmann er Stian Lode | 8 | ||
64 | HV13 | Smygaro | Høgreving fører pucken snøgt frametter langs vantet, slepper grepet på pucken og forserar forbi pucken, for so å stogga opp ved mållina og flikka pucken i mål mellom keeper og høgre målstong | 6 | ||
65 | HV14 | Eidsneskølle Invers Smygaro |
Høgreving fører pucken snøgt baketter langs vantet, går forbi pucken og skyter med fast kølle i mål | 4 | ||
66 | HV15 | Fakie Jon Spesial Korabel |
Høgreving skyter via kølla til stilleståande senter og i venstre hjørne av mål | 6 | ||
67 | HV16 | Hagerup | Høgreving og senter stend heilt bake i sporet, og høgreving passar inn til senter som skyter på direkten med kølle i høgre hjørne | 4 | ||
68 | HV17 | Spade | Høgreving og senter stend heilt bake i sporet, og høgreving passar inn til senter som skyter på direkten med kølle i venstre hjørne | 4 | link | |
69 | HV18 | Lindahlskyffel kort | Høgreving fører pucken i køllegropa frametter i sporet og leggjer inn til senter som skyter i høgre hjørne | 4 | ||
70 | HV19 | Lindahlskyffel lang | Høgreving fører pucken i køllegropa frametter i sporet og leggjer inn til senter som skyter i venstre hjørne | 4 | link | |
71 | HV20 | Edwallskyffel kort | Høgreving fører pucken i hælgropa frametter i sporet og leggjer inn til senter som skyter i høgre hjørne | 4 | ||
72 | HV21 | Edwallskyffel lang | Høgreving fører pucken i hælgropa frametter i sporet og leggjer inn til senter som skyter i venstre hjørne | 4 | link | |
73 | HV22 | Hælskyffel kort | Høgreving fører pucken i køllegropa baketter i sporet og leggjer inn med hæl til senter som skyter i høgre hjørne. Kan òg utførast med kølleinnlegg dersom høgreving let pucken gli litt i frå | 4 | link | |
74 | HV23 | Hælskyffel lang | Høgreving fører pucken i køllegropa baketter i sporet og leggjer inn med hæl til senter som skyter i venstre hjørne. Kan òg utførast med kølleinnlegg dersom høgreving let pucken gli litt i frå | 4 | link | |
75 | HV24 | Tryykari kort | Høgreving fører pucken i hælgropa snøgt frametter (Edwall-dragning), stoggar og utfører ein Hæl-skyffel i korthjørnet | 5 | ||
76 | HV25 | Tryykari lang | Høgreving fører pucken i hælgropa snøgt frametter (Edwall-dragning), stoggar og utfører ein Hæl-skyffel i langhjørnet | 5 | link | |
77 | HV26 | Tryykarifinte | Høgreving fører pucken i hælgropa snøgt frametter (Edwall-dragning), stoggar like før mållina, dreiar mot klokka 180 grader og skyter pucken i mål med hæl i høgre hjørne | 5 | link | |
78 | HV27 | Gangsøyskyffel kort | Høgreving fører pucken snøgt baketter i sporet langs vantet med kølla, snurrar rundt mot klokka og leggjer inn i fart med kølla til senter som skyter i høgre hjørne | 5 | ||
79 | HV28 | Gangsøyskyffel lang | Høgreving fører pucken snøgt baketter i sporet langs vantet med kølla, snurrar rundt mot klokka og leggjer inn i fart med kølla til senter som skyter i venstre hjørne | 5 | ||
80 | HV29 | Truls | Høgreving fører pucken på utsida av køllebladet baketter og legger inn til senter og i mål | 4 | link | |
81 | HV30 | Wilkens | Høgreving fintar dragning med pucken i køllegropa baketter i sporet, stoggar opp, og legger inn framom motstandar sin venstreback og inn til senter og i mål | 6 | link | |
82 | HV31 | Pettersonskyffel | Høgreving fører pucken i køllegropa frametter i sporet, gjeng nokre centimeter forbi pucken, og snurrar med klokka og legger inn med kølla skrått baketter til senter og i mål | 6 | link1 link2 | |
83 | HV32 | Furious G | Smygaro med passning til senter og i mål | 6 | link | |
84 | HV33 | Marcus Andersson | Høgreskyffel rett i hjerpe | 7 | ||
85 | HV34 | Fakie Harlem Shuffle | Høgreving passar inn til senter som stilleståande flikkar pucken med svingande kølle i mål | 6 | ||
86 | HV35 | Veggskyffel | Høgreving stend langt framme i sporet med pucken i køllegropa, og skyter via høgre vant og skrått baketter til senter og i mål | 5 | ||
87 | HV36 | Fakie Velodrom | Passning frå høgreving langs vantet bak motstandar sitt mål til venstreving som skyter i ventre hjørne av mål | 6 | link | |
88 | HV37 | Fakie Karusell | Passning frå høgreving langs vantet bak motstandar sitt mål til venstreving og inn til senter og i mål | 6 | ||
89 | HV38 | Snok Mexikanare |
Høgreving skyter pucken via vantet like til høgre for motspelar sitt mål inn til senter som skyter på direkten i mål. Passninga frå høgreving kan utførast med hæl og stamfot, eller kølle for større vanskegrad | 5 | link1 link2 | |
90 | HV39 | Snik | Høgreving skyter pucken via motspelar sin keeper til senter som skyter på direkten i mål | 5 | ||
91 | HV40 | Fakie kniv | Passning frå høgreving til høgreback som skyter på direkten i mål | 6 | ||
92 | HV41 | Fakie lang-kniv | Passning frå høgreving til venstreback som skyter på direkten i mål | 6 | ||
93 | HV42 | Langorv | Høgreving passar langs vantet bak motspelar sitt mål slik at pucken forlet vantet ved venstrevingen og endar hjå venstreback som skyter på direkten i mål | 6 | ||
94 | HV43 | Invers Kryssar | Passning frå høgreving til venstreving som skyter i venstre hjørne av mål | 7 | ||
95 | HV44 | Invers Kryssar med innspel Invers Kryssarskyffel |
Passning frå høgreving til venstreving og direkte vidare inn til senter og i mål | 7 | ||
96 | HV45 | Invers Kryssar med Velodrom | Passning frå høgreving til venstreving som passar langs vantet bak motspelar sitt mål til høgreving som skyter på direkten i mål | 7 | ||
97 | HV46 | Invers Kryssar med Karusell | Passning frå høgreving til venstreving som passar langs vantet bak motspelar sitt mål til høgreving som passar inn til senter og i mål | 7 | ||
98 | HV47 | Fakie Lang-Agdur | Passning frå høgreving til venstreving som passar tilbake til høgreving som skyter på direkten i mål | 8 | ||
99 | HV48 | Nuttunen | Passning frå høgreving til venstreback og vidare inn til senter heilt bake i sporet og i mål | 6 | ||
100 | HV49 | Nuttunen goes useless | Passning frå høgreving til senter langt bake i sporet med flikk vidare til venstreback som skyter på direkten i mål | 6 | ||
101 | HV50 | Reiersen | Passning frå høgreving langs høgre vant bak eige mål til venstreback som skyter på direkten i mål | 7 | link | |
102 | HV51 | Reiersen på bærtur | Passning frå høgreving langs høgre vant bak eige mål til venstreback, som passar bak eige mål til høgreback som skyter på direkten i mål | 9 | ||
103 | HV52 | Gretzky | Passning frå høgreving langs vantet bak motstandar sitt mål til venstreving, som er plassert like til venstre for motstandar sitt mål og passar baketter til senter som skyter direkte i mål | 7 | link | |
104 | HV53 | Fakie Mors Kök Fars Kök |
Passning frå høgreving helit framme i sporet via venstre rundvant og inn til senter og i mål | 8 | ||
105 | HV54 | Burkgurk | Passning frå høgreving langs vantet bak eige mål til venstreving som flikkar direkte i venstre hjørne av mål | 8 | ||
106 | HV55 | Burkgurkskyffel | Passning frå høgreving langs vantet bak eige mål til venstreving og vidare inn til senter og i mål | 8 | ||
107 | HV56 | Jorda Rundt | Passning frå høgreving langs vantet bak eige mål og heilt rundt tilbake til høgreving som skyter direkte i mål | 9 | ||
108 | HV57 | Jorda Rundt-skyffel | Passning frå høgreving langs vantet bak eige mål og heilt rundt tilbake til høgreving og inn til senter og i mål | 9 | ||
109 | HV58 | Fakie Gutshot | Passning frå høgreving til keeper som skyter på direkten i mål (enklare enn vanleg Gutshot) | 7 | ||
110 | HV59 | Fakie Gutshot-Hansen | Passning frå høgreving til keeper og tilbake til høgreving og i høgre hjørne av mål (enklare enn vanleg Gutshot-Hansen) | 8 | ||
111 | HV60 | Invers Rookierokkade | Passning frå høgreving langt bake i sporet til høgreback og direkte attende til høgreving og i mål | 7 | ||
112 | HV61 | Fakie Zorro | Passning frå høgreving til senter, vidare til høgreback og vidare til venstreback som skyter på direkten i mål | 7 | ||
113 | HV62 | Mission Impossible 2 | Høgreving sender pucken langs vantet til venstreving som stend heilt framme i sporet (bak mål) og passar direkte baketter til senter som skyter på direkten i mål (Mission Impossible direkte på passning frå høgreving) | 9 | ||
114 | HV63 | Edwall-innspel | Høgreving fører pucken i hælgropa frametter i sporet og leggjer inn til senter | 2 | ||
115 | HV64 | Lindahl-innspel | Høgreving fører pucken i køllegropa frametter i sporet og leggjer inn til senter | 2 | ||
116 | HV65 | Østerman-innspel | Høgreving fører pucken i køllegropa snøgt frametter i sporet, dreiar 180 grader mot klokka og stoggar opp framom pucken, og snurrar tilbake med klokka og passar pucken med kølle inn til senter | 6 | ||
117 | HV66 | Silis-innspel | Høgreving fører pucken i hælgropa snøgt baketter i sporet og leggjer inn til senter i fart | 6 |