Forskjell mellom versjoner av «Lær bordhockey»

Fra Puckwiki
Hopp til: navigasjon, søk
(Ny side: Bordhockey handlar om snøggleik, mental styrke, og fysisk og psykisk uthald. Men kanskje aller mest handlar bordhockey om triks. Innøvde trekk på brettet som, akkurat som ei dragning ...)
(Ingen forskjell)

Revisjonen fra 15. mar. 2014 kl. 01:40

Bordhockey handlar om snøggleik, mental styrke, og fysisk og psykisk uthald. Men kanskje aller mest handlar bordhockey om triks. Innøvde trekk på brettet som, akkurat som ei dragning inn på firefoten i curling, må sitja i dei avgjerande augneblinka. På denne sida kan du læra deg alle dei over 200 triksa som det har vorte skåra mål på i offisielle kampar i bordhockey.

Lista er ikkje komplett. Det finnast sikkert mange der ute som har skåra på ein <<naglesprett på høgkant>> eller eit anna ukjend triks. Det finnast òg mange uoppfunne triks på brettet, som berre ventar på ein opphavsmann. Regelen er som når nye kometar vert oppdaga, at den som er fyrst ute med ei skåring i offisiell kamp (nasjonal eller internasjonal turnering, eller lokal liga) får døypa trikset.

Lista inneheld nokre ord og vendingar som treng definisjon:

<<Framme>> og <<bake>> på brettet tyder enden av brettet som er høvesvis nærast og lengst frå den som spelar. Senter stend til dømes nær motstandaren sin keeper dersom han stend framme i sporet. Ein referane til snøbrett ligger i ordet <<fakie>>, som tyder motsett retning av det vanlege, gjerne brukt om eit triks som vanlegvis vert utførd frå høgreback, men som i <<fakie>> versjon vert utførd frå høgreback. <<Reversert>> er eit meir spesifikt omgrep enn <<fakie>>, og tyder eit triks utførd i motsett rekkjefylgje.

Til kvart triks er det oppgjeve ein vanskegrad- og ein effektivitetsverdi. Desse verdiane er meint som rettleiande verdiar, og mange vil nok vera usamde i nokre av verdiane. For spørsmål, innvendingar, informasjon om nye triks eller eksisterande namn på triks, send epost til stigarevolusjonen hjå gmail.

Senter

Namn Forklåring Vanskegrad Effektivitet
Näcka
Klushka
Senter startar med pucken i hælgropa, passar med hæl nokre sentimeter ut til høgre, og skyter med kølle i høgre hjørne 3 8
Spjass
Klushka Klushka
Senter startar med pucken i hælgropa, passar med kølle nokre sentimeter ut til venstre, og snurrar heilt rundt og skyter i venstre hjørne 5 9


Venstreving

Høgreving

Venstreback

Høgreback

Keeper