Ljunet - Thursday, 24 October 2013 16:33

Tipping foran Jæren Open:

 

1. Geir 

2. Stian

3. Espen

3. Frode

5. Holmin

6. Røken

7. Ewoud

8. HC

Espen Eidsnes - Thursday, 24 October 2013 12:24

Herlig med puck.no tilbake!   Ellers må eg på vegne av Minde Muthapuckers beklage for total uteblivelse av/på (usikker på språkbruk) Jæren Open i år, ikkje godt nok. Diverse årsaker gjorde at det ikkje gikk denne gangen, men vi ønsker arrangørene lykke til, og måtte den beste bergensligaspiller vinne!  Vi lover å komme sterkt tilbake!


Minde Muthapuckers nye motto, de tre T'ene:

"Tro, tempo og teknikk"

Gangsøy - Friday, 25 October 2013 16:59

Espen Eidsnes: Det er nok ordet "fra" du er på jakt etter. Hehe.

Loppküngen - Thursday, 24 October 2013 08:33

Tøft med ei ryddig og ny side! Gratulera! La den bli fylt av mykje nyttig og unyttig info!! Vil T.O Gangsøy fortsatt skriva sine smått utfyllande tekstar, vil Hallvard "tractor boy" fortsatt gje cred til vinnarane av B-sluttspelet, blir det enno gode referat frå Bergensligaen vekentleg, vil fortsatt dr. Østrem takka på sin sedvanlig måte for alle gratulasjonar på ein måte som gjer at du sit på andre sida av PC-skjermen og smilar og er glad for at du har spelt mot og ikkje minst helst og snakka med han, vil fortsatt Haugerup brødene(CRED!) setja sitt preg på bordhockey Noreg gjennom gjesteboka sjølv under psedonymet "Røken"... , dukker Rossi opp med sine innspel frå England til tider og sist men ikkje minst, vil nokon nokon gong hacka gjesteboka for å legga ut eit bilete av Geir Mykle i Wimbledon drakt, briller og ein snus stødig plassert under overleppa?!

Mykje meir burde vore nemnt, men eg kan ikkje sei anna enn at eg GLER meg til å fylja med i ny og ne i framtida!!

LYKKE TIL!


Andreas Røren - Wednesday, 23 October 2013 20:54

Flott at gjesteboka er på plass!

Korleis ser arrangøren for seg speleopplegget i helga? 

Frode Hagerup - Wednesday, 23 October 2013 21:41

2 grunnspillgrupper. 

Mellomspill a og b der en tar med seg poeng fra grunnspillet. 

Kvartfinaler, semifinaler, finale. 

Ellers cup og god bankett. 

Premie til beste junior og beste nykommer. (Første NBA turnering) 

Hagerup - Wednesday, 23 October 2013 10:07

 - Morten på lørdag

 - Frode på lørdag

Hagerup - Wednesday, 23 October 2013 10:00

Jæren Open har 33 påmeldte. Kan det være Tønsbergeffekten?

Holmin - Wednesday, 23 October 2013 08:21

Bergensligaen feirar ny gjestebok med referat frå førre liga:

 

Bergensliga Autumn 2013 #10 17.10.2013


Grunnspel
1. Holmin 9 6-2-1 36-18 14
2. HC Lonne 9 6-1-2 27-16 13
3. Flatoy 9 6-1-2 25-14 13
4. Ewoud 9 6-0-3 38-22 12
5. Eidsnes 9 5-1-3 38-19 11
6. Trond Ove 9 4-1-4 31-33 9
7. Vestbo 9 4-0-5 18-25 8
8. Torkildsen 9 2-2-5 11-22 6
9. Tvedten 9 0-3-6 8-33 3
10. Aarflot 9 0-1-8 9-39 1

Kvartfinaler:
Holmin - Torkildsen 3-0 (3-0,4-1,4-0)
HC Lonne - Vestbo 3-0 (3-1,3-1,4-1)
Flatoy - Trond Ove 3-2 (5-0,0-6,2-1,2-4,3-1)
Ewoud - Eidsnes 3-2 (4-3,0-3,1-5,4-1,2-1)

Semifinaler:
Holmin - Ewoud 2-3 (3-1,3-2s,2-3s,5-6s,1-4)
HC Lonne - Flatoy 3-2 (1-3,4-3s,5-1,0-1,7-2)

Finale:
HC Lonne - Ewoud 1-3 (3-6,3-4,4-3,0-2)

Bronsefinale:
Holmin - Flatoy 0-3 (2-4,5-6,2-3)

Kamp om 5. plass
1. Eidsnes 2 2-0-0 10-2 4
2. Torkildsen 2 1-0-1 2-5 2
3. Vestbo 2 0-0-2 1-6 0

Kamp om 9. plass
Tvedten - Aarflot 4-1 (3-1,4-0,0-3,1-0s,1-0s)

1. Ewoud: Kjempar seg gjennom to tøffe best av 5 før finalen, og har stadig stigande intensitet og nivå på spelet. Bør spela med ein slik innsats kvar Bergensliga, og pressa resten av ligaen til å skjerpa nivået. Klatrar seg forbi Hestad på maratontabellen, noko som burde motivera den gamle Jon-Spesial-spesialisten til deltaking på liga.
2. HC Lonne: Ser ut til å ha etablert seg i semifinalane, og siktar mot fyrsteplassen på hausttabellen. Har sjansen når Holmin er vekkreist to ligaer i november. Sliter mot Ewoud, og har vunne berre ein av dei 6 siste kampane mot nederlendaren.
3. Flatoy: Presterar igjen ein god liga, sjølv om han skårar lite i dei tre siste kampane i semifinalen mot HC. Suveren i bronsefinale. Skårar på kiosk, lillstøvel og omvendspjass i ein og same kamp mot Holmin!
4. Holmin: Spelar strålande i fleire kampar mot Ewoud, men slepper gamlefar innpå etter ukonsentrert spel. Trenger verkeleg å verta straffa for dårleg taktisk spel, men mest av alt for elendige venstreskyflar. Står att og trenar til HC river vekk brettet og vil heim.
5. Eidsnes: Utilfreds med å gje frå seg initiativet på 2-1 over Ewoud i kvartfinalen, men hentar energi til kamp om 5. Ryker i kvartfinale for andre gong på rad. Kan henta litt på å koma høgare opp i grunnspelet.
6. Torkildsen: Stressar på venstreskyffel, som so mange andre i Bergensligaen, men treng berre å variera med å ta "seigare" skyflar. Kniper 6. plassen sovidt med ein forrykande 1-0-siger over Vestbø.
7. Vestbo: Endeleg klyv skjeggemannen over den magiske topp 1000-grensa. Bryter i tillegg ein barriere då han slår Ewoud for fyrste gong. Bør dyrka høgreskyffelen tungt frametter, slik at denne kan opna for andre triks frå høgre.
8. Trond Ove: Enormt svingande i grunnspel, med 0-7-tap både for Ewoud og Holmin, mellom anna med tre-fire sjølvmål i kampen mot Holmin. Ryker mot Flatøy for andre veke på rad. På tide med ein solid revansje.
9. Tvedten: Fastlåst i uvanar skal Tvedten ta grep å inføra enormt tempo i spelet. Dette gjev dårlege resultat i nokre veker, men enorm framgang på sikt.
10. Aarflot: Altfor rotete i spelestilen, sjølv etter kjeft frå Holmin. Skal få ekstra mykje kjeft på neste liga.

Hagerup - Wednesday, 23 October 2013 10:05

Liker den nye gjesteboken. Anbefaler å opprette en konto for å gjøre gjestebokfunksjonen lettere.

Carl Fredrik - Tuesday, 22 October 2013 08:59

Nice!

 

...men betyr dette at all historikken fra Yngves legendariske gjestebok er tapt?

Thomas Calder - Tuesday, 22 October 2013 10:53

Neida, gamle gjesteboken ligger trygt i databasen til puck.no. Vi tenkte å lage en selvstendig modul hvor folk kan få lov til å søke inn i der.

 

Thomas Calder - Monday, 21 October 2013 17:04

Wohoo! Ny gjestebok på plass!

Thomas Calder - Monday, 21 October 2013 17:04

Endre Vestbø - Monday, 21 October 2013 17:08

w00t w00t 

Additional information