Forskjell mellom versjoner av «2016.02.11 Bergensliga Spring 2016 nr 6»

Fra Puckwiki
Hopp til: navigasjon, søk
Linje 310: Linje 310:
  
 
Ewoud van Veen - Trond Ove Gangsoy              3-0 (5-0w,5-0w,5-0w)
 
Ewoud van Veen - Trond Ove Gangsoy              3-0 (5-0w,5-0w,5-0w)
 +
 +
 +
 +
----
 +
 +
 +
 +
9. Darko: Leverer eit bra grunnspel, men klarer ikkje å halde det gåande vidare inn i kvartfinalen mot Ewoud. Har dyrka fram enkelte særeigne variantar i angrep ingen andre i Bergen nyttar, desse bør få meir vatn og næring slik at han snart kan få hausta frukta. I forsvar vert det på den andre sida litt vel passivt, av og til så passivt at sjølv bom vert mål sidan pucken treffer back og går i mål. Står over kamp om femteplass.
 +
Hockeymotivasjon: 50% (dette er eigentleg gjennomsnittet sidan han går frå 0-100% frå kamp til kamp og innad i kvar enkelt kamp).
 +
 +
8. Tvedtén: Det må vere frustrerande for Tvedtén å kunne så mykje hockey, men å få overført så lite av det til teljande resultat på brettet. Har mykje betre teknikk, og speler både kjappare og penare hockey enn Fure i åttendelsfinale, men taper til slutt på presisjon. Har merkeleg nok høgast treffprosent på dei skyflane han tar umiddelbart etter at vingen har mottatt pucken, og bør kanskje satse på raske skyflar litt oftare slik at det potensielt kan opne andre luker i forsvaret til motstandaren.
 +
Hockeymotivasjon: 60% (detter dog ned til 15% med ein gong han får mål imot (slutt med det, og nullstill deg!)).
 +
 +
7. Flatøy: Venstresida til Flatøy begynner sakte, men sikkert å nærme seg det nivået den heldt for om lag eitt år sidan då han var på sitt, til no, høgste nivå nokonsinne. Er blitt langt giftigare på dei fleste angrepsvariantar frå venstre enn kva som var tilfelle i haust. Høgresida er det noko verre med, sjølv om den ikkje er heilt fråverande. Er tida snart inne for at Flatøy pakkar vekk boksforsvaret og går over til flipper på permanent basis?
 +
Hockeymotivasjon: 80% (er svært nøgd med at han på Lambertseter Open føya seg inn i rekka over sølvvinnarar i B på NBA-turneringar 2015-16 sesongen saman med Emma Spreafico, Hallvard Sægrov og Joan Eriksson Mencl).
 +
 +
6. Fure: Zzzzzzzz. Klarer å halde motivasjonen oppe i ca tre og ein halv kamp i grunnspelet, og endar dermed på åttande plass med 2-0-6 etter å ha vunne dei to første kampane. Hentar seg inn igjen i sluttspelet, og vinner åttendelsfinalen mot Tvedtén. Prøver også å halde oppe motivasjonen i kvartfinalen mot Eidsnes, men når sistnemnde spelar som om han hadde ræva full av tabascosaus, fell motivasjonen mot botnen i eit tempo berre tabellplasseringa til Chelsea under Mourinho har gjort det før. Det vert rett og slett eit ork berre å sjå på kva som skjer på brettet rett under nasa. Vel mot slutten vekk enklaste og beste pasningsalternativ for å sleppe og flytte venstrehanda over på ein annan spake, og pucktap vert såleis uunngåeleg, men det er greit så lenge ein kan halde henda på same spakane. Hevar seg på nytt i kamp om femteplass, og leverer dagens to beste kampar mot Tvedtén og Flatøy. Spelar også god offensiv hockey mot HC, men det hjelper lite når forsvaret henger to steg etter heile vegen.
 +
Hockeymotivasjon: 0,5% (gler seg meir enn på lenge til førstkomande liga, for då vert det fråver).
 +
 +
5. HC: Er ein heilt vanvittig god bordhockeyspelar når han får stilt inn siktet og treffer på skyflar. Er samstundes ein heilt ordinær bordhockeyspelar når han ikkje får stilt inn siktet og treffer på skyflar. Dessverre for HC har det denne sesongen vore litt for mykje av sistnemnde scenario. Har tidvis svært gode omvendspjass. Skulle ønskje han fekk mulegheita til å vere Morten Aarflot for ein dag (ikkje hockeyrelatert, berre for moro skuld).
 +
Hockeymotivasjon: 12% (glimtar til av og til, men det er vel ein grunn til at HC ikkje har reist på turnering sidan april 2014).
 +
 +
4. Trond Ove: Uttrykker stor misnøye med at alle går til sluttspel og at ein ikkje følgjer oppsettet på puckwiki, med den konsekvens at grunnspelet ikkje har nokon som helst slags betydning. Må også, fullstendig skrekkslagen, bearbeide det faktum at det heller ikkje vert KM neste helg slik det står svart på kvitt i terminlista. Dette er ikkje Trond Ove sin dag, og kanskje er det nederlaga han leid før ligaen som gjorde at han gjekk på eit nytt nederlag mot Holmin i semifinalen?
 +
Hockeymotivasjon: 65% (som med Darko er dette gjennomsnittleg motivasjon, 100% i sluttspel og overraskande høge 30% i grunnspel (Trond Ove klarer aldri å skru heilt av med mindre alt håp om seier er ute)).
 +
 +
3. Tannfeen: Det burde vel ikkje kome som noko overrasking på nokon at det var nok ein bronsemedalje på Ewoud. Ein av mange bergensarar som sliter med motivasjonen, men finner noko trøst og glede i å sjå at det er andre som er enda mindre motivert enn han sjølv. Uttalar at han vil gi Fure ein trøsteklem når han skjønnar kor lite motivert sistnemnde er. Lite veit Ewoud at Fure er om lag like lite glad i klemming som hubro, allsang, Diego Costa og livsglede, og får eit ikkje så altfor høfleg nei takk som respons.
 +
Hockeymotivasjon: 20% (gjer dog tidvis enorme hopp på motivasjonsskalaen, men underteikna føler at medianen ligger på rundt 20%, og er her meir treffande enn gjennomsnittet).
 +
 +
2. Eidsnes: Fortener all verdas ros for å spele som om det stod om livet sjølv mot spelarar som knapt orkar å halde i spakane, til og med juble orkar han i desse kampane. Kor får Eidsnes all denne energien frå? Taper finalen mot Holmin, og må nok ein gong sjå at talet på etterfølgjande førsteplassar i Bergensligaen stoppa på to. Bør ha litt større fokus når han har pucken, det blir litt for mange enkle pucktap i dag.
 +
Hockeymotivasjon: 98% (eigentleg 100%, men vert trekt to prosent for hubroforsøk i finalen, sidan dette vitnar om hat mot hockey og alt som er godt her i verda).
 +
 +
1. Holmin: Ein dag for lenge, lenge sidan i Rift Valley i Aust-Afrika, klatra ein primat ned frå treet og reiste seg på to bein. Sidan den gong har menneskeheita vore vitne til mange heilsprø religiøse leiarar som t.d. Lafayette Ron Hubbard (scientologikyrkja) og Joseph Smith (mormonerkyrkja). Arne Johannes Holmin er truleg ein av dei siste personane her i verda som har prøvd å danne eit tilsvarande meiningslaust trussamfunn; venstrehandssenterfintekyrkja. Felles for Hubbard og Smith er at begge fekk mange følgjarar, og har enno dette den dag i dag. Holmin har til no ingen følgjarar, og bør vel snart ta hintet og gå tilbake til høgrehandssenterfinter, som han er mykje betre på enn med venstrehanda. Det at verdas beste bordhockeyspelar tar senterfinter med venstrehanda, er ikkje noko unnskyldning for at andre skal gjere det same, Borisov er jo venstrehendt! Holmin skal dog ha skryt for å ta sin første Bergensligaseier i vår. Fullt fortent, Holmin var den beste bordhockeyspelaren på seminarrom A denne torsdagskvelden. Det er likevel verd å nemne at det på ingen måte var senterfintene som vart avgjerande, men dette kom neppe som noko overrasking.
 +
Hockeymotivasjon: 100% (vil bli betre, men kjem ikkje til å ta nemneverdige steg før han legger av seg allereie nemnde stygge uvaner).

Revisjonen fra 12. feb. 2016 kl. 13:14



Tabell Gruppespill

Pl Navn K S U T MS MI +/- P
1. Espen Eidsnes, Minde Muthapuckers 8 5 2 1 20 14 6 12
2. Arne Johannes Holmin, Stigarevolusjonen 8 6 0 2 25 14 11 12
3. Hans Christian Lonne, Stigarevolusjonen 8 5 0 3 21 14 7 10
4. Darko Mrdalj, Minde Muthapuckers 8 4 1 3 15 14 1 9
5. Ewoud van Veen, Bizarro 8 3 3 2 20 16 4 9
6. Trond Ove Gangsoy, Bergen Bordhockey 8 4 1 3 31 20 11 9
7. Vegard Flatoy, Minde Muthapuckers 8 3 0 5 22 28 -6 6
8. Svein Arne Fure, Minde Muthapuckers 8 2 0 6 16 24 -8 4
9. Henning Tvedten, BHK Graaveir 8 0 1 7 10 36 -26 1

Resultater Gruppespill


Ewoud van Veen - Hans Christian Lonne 2-0

Ewoud van Veen - Svein Arne Fure 2-3

Ewoud van Veen - Darko Mrdalj 1-1

Ewoud van Veen - Espen Eidsnes 2-2

Ewoud van Veen - Arne Johannes Holmin 1-3

Ewoud van Veen - Vegard Flatoy 5-3

Ewoud van Veen - Trond Ove Gangsoy 3-3

Ewoud van Veen - Henning Tvedten 4-1


Espen Eidsnes - Vegard Flatoy 2-1

Espen Eidsnes - Trond Ove Gangsoy 4-5

Espen Eidsnes - Henning Tvedten 2-2

Espen Eidsnes - Ewoud van Veen 2-2

Espen Eidsnes - Hans Christian Lonne 3-2

Espen Eidsnes - Svein Arne Fure 3-0

Espen Eidsnes - Darko Mrdalj 2-1

Espen Eidsnes - Arne Johannes Holmin 2-1


Henning Tvedten - Svein Arne Fure 1-5

Henning Tvedten - Darko Mrdalj 0-2

Henning Tvedten - Espen Eidsnes 2-2

Henning Tvedten - Arne Johannes Holmin 4-6

Henning Tvedten - Vegard Flatoy 2-5

Henning Tvedten - Trond Ove Gangsoy 0-8

Henning Tvedten - Ewoud van Veen 1-4

Henning Tvedten - Hans Christian Lonne 0-4


Darko Mrdalj - Trond Ove Gangsoy 3-1

Darko Mrdalj - Henning Tvedten 2-0

Darko Mrdalj - Ewoud van Veen 1-1

Darko Mrdalj - Hans Christian Lonne 0-3

Darko Mrdalj - Svein Arne Fure 3-2

Darko Mrdalj - Espen Eidsnes 1-2

Darko Mrdalj - Arne Johannes Holmin 1-2

Darko Mrdalj - Vegard Flatoy 4-3


Trond Ove Gangsoy - Darko Mrdalj 1-3

Trond Ove Gangsoy - Espen Eidsnes 5-4

Trond Ove Gangsoy - Arne Johannes Holmin 2-3

Trond Ove Gangsoy - Vegard Flatoy 3-4

Trond Ove Gangsoy - Henning Tvedten 8-0

Trond Ove Gangsoy - Ewoud van Veen 3-3

Trond Ove Gangsoy - Hans Christian Lonne 4-1

Trond Ove Gangsoy - Svein Arne Fure 5-2


Svein Arne Fure - Henning Tvedten 5-1

Svein Arne Fure - Ewoud van Veen 3-2

Svein Arne Fure - Hans Christian Lonne 2-3

Svein Arne Fure - Darko Mrdalj 2-3

Svein Arne Fure - Espen Eidsnes 0-3

Svein Arne Fure - Arne Johannes Holmin 0-4

Svein Arne Fure - Vegard Flatoy 2-3

Svein Arne Fure - Trond Ove Gangsoy 2-5


Vegard Flatoy - Espen Eidsnes 1-2

Vegard Flatoy - Arne Johannes Holmin 1-5

Vegard Flatoy - Trond Ove Gangsoy 4-3

Vegard Flatoy - Henning Tvedten 5-2

Vegard Flatoy - Ewoud van Veen 3-5

Vegard Flatoy - Hans Christian Lonne 2-5

Vegard Flatoy - Svein Arne Fure 3-2

Vegard Flatoy - Darko Mrdalj 3-4


Hans Christian Lonne - Ewoud van Veen 0-2

Hans Christian Lonne - Svein Arne Fure 3-2

Hans Christian Lonne - Darko Mrdalj 3-0

Hans Christian Lonne - Espen Eidsnes 2-3

Hans Christian Lonne - Arne Johannes Holmin 3-1

Hans Christian Lonne - Vegard Flatoy 5-2

Hans Christian Lonne - Trond Ove Gangsoy 1-4

Hans Christian Lonne - Henning Tvedten 4-0


Arne Johannes Holmin - Vegard Flatoy 5-1

Arne Johannes Holmin - Trond Ove Gangsoy 3-2

Arne Johannes Holmin - Henning Tvedten 6-4

Arne Johannes Holmin - Ewoud van Veen 3-1

Arne Johannes Holmin - Hans Christian Lonne 1-3

Arne Johannes Holmin - Svein Arne Fure 4-0

Arne Johannes Holmin - Darko Mrdalj 2-1

Arne Johannes Holmin - Espen Eidsnes 1-2




Tabell Kamp om 5. plass

Pl Navn K S U T MS MI +/- P
1. Hans Christian Lonne, Stigarevolusjonen 3 3 0 0 14 6 8 6
2. Svein Arne Fure, Minde Muthapuckers 3 2 0 1 15 7 8 4
3. Vegard Flatoy, Minde Muthapuckers 3 1 0 2 6 9 -3 2
4. Henning Tvedten, BHK Graaveir 3 0 0 3 1 14 -13 0

Resultater Kamp om 5. plass


Vegard Flatoy - Svein Arne Fure 1-5

Vegard Flatoy - Hans Christian Lonne 2-4

Vegard Flatoy - Henning Tvedten 3-0


Hans Christian Lonne - Henning Tvedten 5-0

Hans Christian Lonne - Vegard Flatoy 4-2

Hans Christian Lonne - Svein Arne Fure 5-4


Henning Tvedten - Hans Christian Lonne 0-5

Henning Tvedten - Svein Arne Fure 1-6

Henning Tvedten - Vegard Flatoy 0-3


Svein Arne Fure - Vegard Flatoy 5-1

Svein Arne Fure - Henning Tvedten 6-1

Svein Arne Fure - Hans Christian Lonne 4-5




Sluttspill

Åttendelsfinaler:

Espen Eidsnes - W.O.

Arne Johannes Holmin - W.O.

Hans Christian Lonne - W.O.

Darko Mrdalj - W.O.

Ewoud van Veen - W.O.

Trond Ove Gangsoy - W.O.

Vegard Flatoy - W.O.

Svein Arne Fure - Henning Tvedten 2-1 (4-1,1-2,2-0)


Kvartfinaler:

Espen Eidsnes - Svein Arne Fure 3-0 (4-1,3-2,4-2)

Arne Johannes Holmin - Vegard Flatoy 3-1 (2-3s,4-3,3-2s,5-3)

Hans Christian Lonne - Trond Ove Gangsoy 1-3 (5-2,3-4,2-3,2-5)

Darko Mrdalj - Ewoud van Veen 0-3 (1-2,3-6,0-7)


Semifinaler:

Espen Eidsnes - Ewoud van Veen 3-0 (7-2,2-1,5-1)

Arne Johannes Holmin - Trond Ove Gangsoy 3-0 (3-0,4-3s,3-1)


Finale:

Espen Eidsnes - Arne Johannes Holmin 1-3 (3-1,3-6,1-3,2-3s)


Bronsefinale:

Ewoud van Veen - Trond Ove Gangsoy 3-0 (5-0w,5-0w,5-0w)




9. Darko: Leverer eit bra grunnspel, men klarer ikkje å halde det gåande vidare inn i kvartfinalen mot Ewoud. Har dyrka fram enkelte særeigne variantar i angrep ingen andre i Bergen nyttar, desse bør få meir vatn og næring slik at han snart kan få hausta frukta. I forsvar vert det på den andre sida litt vel passivt, av og til så passivt at sjølv bom vert mål sidan pucken treffer back og går i mål. Står over kamp om femteplass. Hockeymotivasjon: 50% (dette er eigentleg gjennomsnittet sidan han går frå 0-100% frå kamp til kamp og innad i kvar enkelt kamp).

8. Tvedtén: Det må vere frustrerande for Tvedtén å kunne så mykje hockey, men å få overført så lite av det til teljande resultat på brettet. Har mykje betre teknikk, og speler både kjappare og penare hockey enn Fure i åttendelsfinale, men taper til slutt på presisjon. Har merkeleg nok høgast treffprosent på dei skyflane han tar umiddelbart etter at vingen har mottatt pucken, og bør kanskje satse på raske skyflar litt oftare slik at det potensielt kan opne andre luker i forsvaret til motstandaren. Hockeymotivasjon: 60% (detter dog ned til 15% med ein gong han får mål imot (slutt med det, og nullstill deg!)).

7. Flatøy: Venstresida til Flatøy begynner sakte, men sikkert å nærme seg det nivået den heldt for om lag eitt år sidan då han var på sitt, til no, høgste nivå nokonsinne. Er blitt langt giftigare på dei fleste angrepsvariantar frå venstre enn kva som var tilfelle i haust. Høgresida er det noko verre med, sjølv om den ikkje er heilt fråverande. Er tida snart inne for at Flatøy pakkar vekk boksforsvaret og går over til flipper på permanent basis? Hockeymotivasjon: 80% (er svært nøgd med at han på Lambertseter Open føya seg inn i rekka over sølvvinnarar i B på NBA-turneringar 2015-16 sesongen saman med Emma Spreafico, Hallvard Sægrov og Joan Eriksson Mencl).

6. Fure: Zzzzzzzz. Klarer å halde motivasjonen oppe i ca tre og ein halv kamp i grunnspelet, og endar dermed på åttande plass med 2-0-6 etter å ha vunne dei to første kampane. Hentar seg inn igjen i sluttspelet, og vinner åttendelsfinalen mot Tvedtén. Prøver også å halde oppe motivasjonen i kvartfinalen mot Eidsnes, men når sistnemnde spelar som om han hadde ræva full av tabascosaus, fell motivasjonen mot botnen i eit tempo berre tabellplasseringa til Chelsea under Mourinho har gjort det før. Det vert rett og slett eit ork berre å sjå på kva som skjer på brettet rett under nasa. Vel mot slutten vekk enklaste og beste pasningsalternativ for å sleppe og flytte venstrehanda over på ein annan spake, og pucktap vert såleis uunngåeleg, men det er greit så lenge ein kan halde henda på same spakane. Hevar seg på nytt i kamp om femteplass, og leverer dagens to beste kampar mot Tvedtén og Flatøy. Spelar også god offensiv hockey mot HC, men det hjelper lite når forsvaret henger to steg etter heile vegen. Hockeymotivasjon: 0,5% (gler seg meir enn på lenge til førstkomande liga, for då vert det fråver).

5. HC: Er ein heilt vanvittig god bordhockeyspelar når han får stilt inn siktet og treffer på skyflar. Er samstundes ein heilt ordinær bordhockeyspelar når han ikkje får stilt inn siktet og treffer på skyflar. Dessverre for HC har det denne sesongen vore litt for mykje av sistnemnde scenario. Har tidvis svært gode omvendspjass. Skulle ønskje han fekk mulegheita til å vere Morten Aarflot for ein dag (ikkje hockeyrelatert, berre for moro skuld). Hockeymotivasjon: 12% (glimtar til av og til, men det er vel ein grunn til at HC ikkje har reist på turnering sidan april 2014).

4. Trond Ove: Uttrykker stor misnøye med at alle går til sluttspel og at ein ikkje følgjer oppsettet på puckwiki, med den konsekvens at grunnspelet ikkje har nokon som helst slags betydning. Må også, fullstendig skrekkslagen, bearbeide det faktum at det heller ikkje vert KM neste helg slik det står svart på kvitt i terminlista. Dette er ikkje Trond Ove sin dag, og kanskje er det nederlaga han leid før ligaen som gjorde at han gjekk på eit nytt nederlag mot Holmin i semifinalen? Hockeymotivasjon: 65% (som med Darko er dette gjennomsnittleg motivasjon, 100% i sluttspel og overraskande høge 30% i grunnspel (Trond Ove klarer aldri å skru heilt av med mindre alt håp om seier er ute)).

3. Tannfeen: Det burde vel ikkje kome som noko overrasking på nokon at det var nok ein bronsemedalje på Ewoud. Ein av mange bergensarar som sliter med motivasjonen, men finner noko trøst og glede i å sjå at det er andre som er enda mindre motivert enn han sjølv. Uttalar at han vil gi Fure ein trøsteklem når han skjønnar kor lite motivert sistnemnde er. Lite veit Ewoud at Fure er om lag like lite glad i klemming som hubro, allsang, Diego Costa og livsglede, og får eit ikkje så altfor høfleg nei takk som respons. Hockeymotivasjon: 20% (gjer dog tidvis enorme hopp på motivasjonsskalaen, men underteikna føler at medianen ligger på rundt 20%, og er her meir treffande enn gjennomsnittet).

2. Eidsnes: Fortener all verdas ros for å spele som om det stod om livet sjølv mot spelarar som knapt orkar å halde i spakane, til og med juble orkar han i desse kampane. Kor får Eidsnes all denne energien frå? Taper finalen mot Holmin, og må nok ein gong sjå at talet på etterfølgjande førsteplassar i Bergensligaen stoppa på to. Bør ha litt større fokus når han har pucken, det blir litt for mange enkle pucktap i dag. Hockeymotivasjon: 98% (eigentleg 100%, men vert trekt to prosent for hubroforsøk i finalen, sidan dette vitnar om hat mot hockey og alt som er godt her i verda).

1. Holmin: Ein dag for lenge, lenge sidan i Rift Valley i Aust-Afrika, klatra ein primat ned frå treet og reiste seg på to bein. Sidan den gong har menneskeheita vore vitne til mange heilsprø religiøse leiarar som t.d. Lafayette Ron Hubbard (scientologikyrkja) og Joseph Smith (mormonerkyrkja). Arne Johannes Holmin er truleg ein av dei siste personane her i verda som har prøvd å danne eit tilsvarande meiningslaust trussamfunn; venstrehandssenterfintekyrkja. Felles for Hubbard og Smith er at begge fekk mange følgjarar, og har enno dette den dag i dag. Holmin har til no ingen følgjarar, og bør vel snart ta hintet og gå tilbake til høgrehandssenterfinter, som han er mykje betre på enn med venstrehanda. Det at verdas beste bordhockeyspelar tar senterfinter med venstrehanda, er ikkje noko unnskyldning for at andre skal gjere det same, Borisov er jo venstrehendt! Holmin skal dog ha skryt for å ta sin første Bergensligaseier i vår. Fullt fortent, Holmin var den beste bordhockeyspelaren på seminarrom A denne torsdagskvelden. Det er likevel verd å nemne at det på ingen måte var senterfintene som vart avgjerande, men dette kom neppe som noko overrasking. Hockeymotivasjon: 100% (vil bli betre, men kjem ikkje til å ta nemneverdige steg før han legger av seg allereie nemnde stygge uvaner).