Forskjell mellom versjoner av «2017.03.22, Bergensliga Spring 2017 nr 11»

Fra Puckwiki
Hopp til: navigasjon, søk
 
Linje 248: Linje 248:
  
Darko Mrdalj - Magnus Stendal                  0-1 (1-6)
 
Darko Mrdalj - Magnus Stendal                  0-1 (1-6)
 +
 +
 +
 +
 +
----
 +
 +
 +
 +
6. Darko Mrdalj: Leitar etter ting som kan sprita opp ein trist bordhockeykvardag, og får med seg Stendal på å sjå basket med eit halv auge i grunnspelet og 100% i sluttspelet. Darko spelar som ein Petter Northug i noregscup like etter høgdeopphald. Innsatsen er god i eit par kilometer, og so byrjar han irritera seg over kvart glepptak og opnar opp for motstandaren med passivt spel. Mot Trond Ove denne kvelden har han fylgjande rekkje: 5-1, 3-2, 1-5, 1-3, 2-3s. Ein 5-1-siger kvar, ein 3-2-siger kvar (Trond Ove sin på sudden), og ein 3-1-siger til Trond Ove. Med andre ord to helt jamne spelarar. Men der Darko var leiken og laussluppen i grunnspelet (sjå mål 4, 5, 6 på https://www.youtube.com/watch?v=UKQrNKhvUGk), var det Trond Ove som køyrde på i høgt tempo og ville ting i kvartfinalen (sjå mål 19 på https://www.youtube.com/watch?v=UKQrNKhvUGk). Darko avsluttar kvelden med alle underpresteringar si mor, nemleg å ikkje bli med på quiz og på Apollon på bursdagen til Holmin.
 +
 +
5. Magnus Stendal: Når me trudde Stendal var tapt for alltid dukkar han opp etter påminning frå Eidsnes. Dette viser at Eidsnes har bomma totalt med null-masings-strategien sin. Etter å ha masa massivt kvar veke på alle som eiger mobil og har teke i eit bordhockeybrett, har han no gått over til å spela kostbar og slutta å senda ut meldingar. Ein mellomting kunne kanskje vera meir fruktbart, Eidsnes. Stendal må iallfall masast på av klubbkompisen, slik at han stiller både på alle dei gjenverande ligarundene i vår òg på NM. På brettet er Stendal noko rusten, men kjem i gang nok til å knusa Holmin i gruppespelet og Darko i kamp om 5. plass.
 +
 +
4. Anne Grethe Gangsøy: Holmin har hatt med 1 unge på liga, Eidsnes 2. Dameselaren tek med 3(!) jenter i nesten identisk alder som malar påskeegg medan mora herjar med alt og alle på Seminarrom D. Knusande siger i grunnspelet, berre med eit par uavgjort for gamle dagers skuld mot Holmin og Trond Ove, og ein lettare kollaps (2-11) i siste kamp i grunnspelet, då trekløveret av framtidige bordhockeysystrer byrja masa på mora om å hjelpa dei med påskeegga. Trond Ove nytte dette høvet til å prikka inn ein sugande siger for historiebøkene, men det burde kanskje stå ein eller annan bokstav bak denne sigeren, som til dømes "k" for "kynisk bror som utnyttar at det er langt over leggjetid for tre jenter i barnehagealder".
 +
 +
3. Espen Eidsnes: Gjeng på ei rekkje med tre strake tap mot sunnmøringar i slutten av det doble grunnspelet, og må ut i semifinale mot Holmin der Eidsnes spelar litt forknytt og taper på sudden i femte kamp. Før denne suddenen skjer det noko som sender sjokkbylgjer gjennom lokalet. Den fortapte son (eller ein av dei mange fortapte sønene) Svein Arne Fure entrar Seminarrom D. Ikkje for å spela hockey, men for å delta på quizen Trond Ove skulle halda i høve Holmin sin bursdag. Eit ekstremt gledeleg gjensyn med mannen som har smarttelefon av fylgjande to grunnar: Øl-app og Pokemon. Fure blir med vidare og feriar med Eidsnes, Holmin, Trond Ove og Tvedtet (som ikkje kunne stilla på liga sidan arbeidsgjevaren køyrer ein vekelang practical joke-kampanje der dei overtyder stakaren om at verksemda gjeng under om han ikkje sit på jobb til 24 kvar kveld, og serleg i helgane...). På banketten kjem det fram nye opplysingar i Eidsnes-gate, som er det namnet Flatøy brukte om overgangsskandalen då Eidsnes melde overgang frå Minde Muthapuckers til Brent Plast BHK. Eidsnes har funne trøyst i ei oppfatting av at bordhockeyspelaren Fure allereide låg på dødsleget, og at overgangsskandalen berre fungerte som aktiv dødshjelp. Då han fekk vita kva framtidsplanane eigentleg var for glopparen, la han andletet i hendene og krøkte seg saman i smerte. Rett nok var Fure inne i ein bylgjedal med manglande motivasjon etter NM 2016, men planen var å ta ein solid bordhockeyferie for so å satsa tungt den komande sesongen og delta på det som var av norske turneringar. Men kven veit, kanskje var dette berre ei kløktig historie meint som straff til den tidlegare Minde-kapteinen?
 +
 +
2. Trond Ove Gangsøy: Det var historisk sus over denne ligaen nr 11 vår 2017, då dei gamle kamphanane Gangsøy og Holmin barka saman etter at Damespelaren hadde forlete lokalet for leggja dei tre jentene sine. Trond Ove ferira 38-års-dagen til Holmin med ein handfull omvendspjass i finalen noko som vippa sympatien i hans favør samanlikna med Holmin sine keisame spjassar. Fekk ei noko billeg reise mot Damespelaren i semifinalen, men er høffleg nok til å tapa finalen og tek sin 6 andreplass på dei siste 7 ligarundene.
 +
 +
1. Arne Johannes Holmin: Trond Ove er uroa over sjukdom hjå Holmin inn mot klubb NM, og denne gongen stiller Holmin med hand, fot og munnsjuke; eit ekstremt smittsamt barnesjukdomsvirus som førte til sviande fingertuppar seinast kvelden før liga. Holmin kom seg i siste liten, men måtte leggja seg til ein forsiktig spelestil der kraft var bytt ut med presisjon. I bordhockey skal ein tommestor plaspuck skytast inn i eit mål. Likevel skyflar mange som om det var ei bowlingkule som skal velta statuene på Påskeøya, noko som effektivt fjernar presisjon i skyflinga. Diverre gjev hand, fot og munnsjuka livslang immunitet, men Holmin planleggjer å oppdriva eitt eller anna syndrom som fører til såre fingertuppar, om so det vera batterisyre eller brennegople, for å sikra slepen spelestil òg i NM.
 +
 +
Av Arne Johannes Holmin

Nåværende revisjon fra 26. mar. 2017 kl. 10:47

Tabell Gruppespill

Pl Navn K S U T MS MI +/- P
1. Anne Grethe Gangsoy, BSI Bordhockey 10 7 2 1 39 35 4 16
2. Arne Johannes Holmin, Stigarevolusjonen 10 5 2 3 34 30 4 12
3. Espen Eidsnes, Minde Muthapuckers 10 4 2 4 34 28 6 10
4. Darko Mrdalj, Minde Muthapuckers 10 5 0 5 24 24 0 10
5. Trond Ove Gangsoy, Bergen Bordhockey 10 4 2 4 36 26 10 10
6. Magnus Stendal, Brent Plast BHK 10 1 0 9 22 46 -24 2

Resultater Gruppespill runde 1

Espen Eidsnes - Magnus Stendal 8-2

Espen Eidsnes - Trond Ove Gangsoy 2-2

Espen Eidsnes - Anne Grethe Gangsoy 3-5

Espen Eidsnes - Arne Johannes Holmin 3-3

Espen Eidsnes - Darko Mrdalj 5-0

Anne Grethe Gangsoy - Darko Mrdalj 5-2

Anne Grethe Gangsoy - Arne Johannes Holmin 4-4

Anne Grethe Gangsoy - Espen Eidsnes 5-3

Anne Grethe Gangsoy - Magnus Stendal 2-1

Anne Grethe Gangsoy - Trond Ove Gangsoy 3-3

Arne Johannes Holmin - Trond Ove Gangsoy 3-1

Arne Johannes Holmin - Anne Grethe Gangsoy 4-4

Arne Johannes Holmin - Darko Mrdalj 3-2

Arne Johannes Holmin - Espen Eidsnes 3-3

Arne Johannes Holmin - Magnus Stendal 3-6

Trond Ove Gangsoy - Arne Johannes Holmin 1-3

Trond Ove Gangsoy - Espen Eidsnes 2-2

Trond Ove Gangsoy - Magnus Stendal 6-3

Trond Ove Gangsoy - Darko Mrdalj 1-5

Trond Ove Gangsoy - Anne Grethe Gangsoy 3-3

Darko Mrdalj - Anne Grethe Gangsoy 2-5

Darko Mrdalj - Magnus Stendal 5-1

Darko Mrdalj - Arne Johannes Holmin 2-3

Darko Mrdalj - Trond Ove Gangsoy 5-1

Darko Mrdalj - Espen Eidsnes 0-5

Magnus Stendal - Espen Eidsnes 2-8

Magnus Stendal - Darko Mrdalj 1-5

Magnus Stendal - Trond Ove Gangsoy 3-6

Magnus Stendal - Anne Grethe Gangsoy 1-2

Magnus Stendal - Arne Johannes Holmin 6-3

Tabell Gruppespill runde 1

Pl Navn K S U T MS MI +/- P
1. Anne Grethe Gangsoy, BSI Bordhockey 5 3 2 0 19 13 6 8
2. Espen Eidsnes, Minde Muthapuckers 5 2 2 1 21 12 9 6
3. Arne Johannes Holmin, Stigarevolusjonen 5 2 2 1 16 16 0 6
4. Darko Mrdalj, Minde Muthapuckers 5 2 0 3 14 15 -1 4
5. Trond Ove Gangsoy, Bergen Bordhockey 5 1 2 2 13 16 -3 4
6. Magnus Stendal, Brent Plast BHK 5 1 0 4 13 24 -11 2

Resultater Gruppespill runde 2

Espen Eidsnes - Magnus Stendal 6-3

Espen Eidsnes - Trond Ove Gangsoy 0-2

Espen Eidsnes - Anne Grethe Gangsoy 3-5

Espen Eidsnes - Arne Johannes Holmin 2-5

Espen Eidsnes - Darko Mrdalj 2-1

Anne Grethe Gangsoy - Darko Mrdalj 2-1

Anne Grethe Gangsoy - Arne Johannes Holmin 5-3

Anne Grethe Gangsoy - Espen Eidsnes 5-3

Anne Grethe Gangsoy - Magnus Stendal 6-4

Anne Grethe Gangsoy - Trond Ove Gangsoy 2-11

Arne Johannes Holmin - Trond Ove Gangsoy 5-3

Arne Johannes Holmin - Anne Grethe Gangsoy 3-5

Arne Johannes Holmin - Darko Mrdalj 2-3

Arne Johannes Holmin - Espen Eidsnes 5-2

Arne Johannes Holmin - Magnus Stendal 3-1

Trond Ove Gangsoy - Arne Johannes Holmin 3-5

Trond Ove Gangsoy - Espen Eidsnes 2-0

Trond Ove Gangsoy - Magnus Stendal 5-0

Trond Ove Gangsoy - Darko Mrdalj 2-3

Trond Ove Gangsoy - Anne Grethe Gangsoy 11-2

Darko Mrdalj - Anne Grethe Gangsoy 1-2

Darko Mrdalj - Magnus Stendal 2-1

Darko Mrdalj - Arne Johannes Holmin 3-2

Darko Mrdalj - Trond Ove Gangsoy 3-2

Darko Mrdalj - Espen Eidsnes 1-2

Magnus Stendal - Espen Eidsnes 3-6

Magnus Stendal - Darko Mrdalj 1-2

Magnus Stendal - Trond Ove Gangsoy 0-5

Magnus Stendal - Anne Grethe Gangsoy 4-6

Magnus Stendal - Arne Johannes Holmin 1-3

Sluttspill

Kvartfinaler:

Anne Grethe Gangsoy - W.O.

Arne Johannes Holmin - W.O.

Espen Eidsnes - Magnus Stendal 3-0 (5-4s,3-2,4-2)

Darko Mrdalj - Trond Ove Gangsoy 0-3 (1-5,1-3,2-3s)

Semifinaler:

Anne Grethe Gangsoy - Trond Ove Gangsoy 0-3 (2-3,3-4,0-5w)

Arne Johannes Holmin - Espen Eidsnes 3-2 (4-2,2-3s,1-2,2-1,4-3s)

Finale:

Arne Johannes Holmin - Trond Ove Gangsoy 3-1 (3-2,4-5s,4-2,4-3)

Bronsefinale:

Anne Grethe Gangsoy - Espen Eidsnes 0-3 (0-5w,0-5w,0-5w)

Sluttspill Kamp om 5. plass)